Galge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Galge i Tombstone Courthouse State Historic Park i Arizona.
Henging i Tyskland i 1946 av ein som er dømd for krigsbrotsverk. Presten er til stades.

Galge eit stativ, ofte bygd av tre, som vert nytta til å henge noko eller nokon i. Ordet vert særleg nytta om stativ som vert nytta til å avrette menneske ved henging, men vert dessutan nytta i maskintekniske og bygningstekniske samanhanger for innretningar som noko skal hengje i.

Galgar kan ha ulike utformingar, som til dømes ein loddrett stolpe med ein vassrett bjelke ut frå toppen til å hengje i, altså om lag som ein omvend L. Som avrettingsinstrument til skrekk og årvaring kunne det i tidlegare tider vere oppsett galgar på faste avrettingsstadar, der dei avretta vart hangande til dei fall ned av dei sjølve. Galgeberg i Oslo har vore ein slik fast avrettingsstad, nytta fram til 1864.