Galgeberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mot gardplassen i Galgeberg 3, kor galgen skal ha stått, mesteparten av knausen er sprengt bort for å gje plass til Åkebergveien foran

Galgeberg er eit bustadstrøk og ei gate i Oslo, mellom Vålerenga og Gamlebyen. Lokal uttale er /gæljəbær/ (tjukk l).

I mellomalderen heit plassen Martestokker og var staden for offentlege avrettingar, steile og hjul og for gapestokk. Den gongen var dette ein viktig del av vegnettet ut av Oslo nordover, ved Galgeberg delte vegen seg i tre. Gangvegen Justiskroken ligg i traséen til den vestlegaste vegen, mens dagens Strømsveien ligg der den austlegaste gjekk. Ved Martestokker var det kampar mellom kong Sverre Sigurdsson og baglarane og det var her hertug Skule Bårdsson samla troppane før slaget mot kong Håkon Håkonsson i 1240.

Mesteparten av galgeberget er sprengt bort. Sjølve galgen skal ha stått der gårdsplassen i det store bustadkomplekset på nordsida ligg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo Byleksikon. Oslo, 2000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]