Galim-Tignère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Galim-Tignère er ein landsby i regionen Adamaoua i Kamerun. Han ligg om lags halvvegs mellom regionhovudstaden Ngaoundéré og grensa mot Nigeria, sørvest for landsbyen Tignère i divisjonen Faro-et-Déo.

Det bur truleg om lag 3000 menneske i Galim, og dei fleste høyrer til dei etniske gruppene nizaa, fulaniar, hausaer, chambaer og kanuriar. Lamidoen i Galim er nizaa.

Språktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste språka i Galim er nizaa, fulfulde, hausa og chamba. Kanuriane i Galim snakkar ikkje lenger kanuri, men fulfulde, som fungerer som lingua franca i Galim, som elles i Adamaoua. Det finst òg mindre grupper som talar vute og gbaya. Språktilhøva i Galim er skildra i Endresen (1999).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Endresen, Rolf Theil 1999. Multilingualism in a Cameroonian village. S. 195-203 i Brendemoen, B. o.a. (eds.): Language encounters across time and space. Oslo: Novus Press.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Kamerun å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.