Galina Kukleva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galina Kukleva
Verkeleg namn Галина Алексеевна Куклева
Statsborgarskap Russland
Fødd 21. november 1972 (51 år)
Isjimbaj
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 1998 – Sprint kvinner, Vinter-OL 2002

Utmerkingar

Æresordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Master of Sport of the USSR

Galina Aleksejevna Kukleva (fødd 21. november 1972) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Isjimbaj i Basjkiria som vart olympisk meister på 7,5 km i 1998 i Nagano og vann tre VM-gull i stafett med Russland; 2000, 2001 og 2003. I løpet av karrieren vann ho ni verdscuprenn.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kukleva vart nummer fire på 7,5 km då VM i skiskyting 1996 vart avvikla i Ruhpolding, ho var 0,6 sekundar bakom bronsevinnaren, svenske Magdalena Wallin. Året etter gjekk ho ein av etappane for det russiske kvinnelaget som tok bronsemedaljar på VM-stafetten i slovakiske Osrblie.

Under Vinter-OL 1998 i Nagano vann Kukleva gullmedaljen på 7,5 km, sigersmarginen ned til tyske Uschi Disl var på fattige 0,7 sekudar. Ho var òg med på det russiske stafettlaget som tok sølv. Sesongen etter vart det eit nytt stafettsølv då VM i skiskyting 1999 fann stad i finske Kontiolax.

Kukleva fekk sølvmedaljen då den nye øvinga fellesstart stod på VM-programmet i 2000. I same meisterskapen vann ho si fyrste stafettmedalje i gull, saman med Olga Pyljova, Svetlana Tsjernusova og Albina Akhatova. Saman med Pyljova, Anna Bogalij og Svetlana Isjmuratova forsvarte ho VM-tittelen under meisterskapen i Pokljuka i 2001.

Under OL 2002 i Salt Lake City vart det bronse på Kukleva på stafetten. Etter verdsmeisterskapen på russisk heimegrunn i Khanty-Mansijsk i 2003, der ho saman med Akhatova, Isjmuratova og Tsjernusova vann sitt tredje VM-gull i stafett, la ho opp. Det var hennar sjuande rake stafettmedalje i VM/OL.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]