Galina Kulakova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Galina Aleksejevna Kulakova, (russisk: Галина Алексеевна Кулакова), (fødd 29. april 1942) er ein sovjetrussisk, tidlegare langrennsløpar frå landsbyen Logatsji i Udmurtia. Ho var verdas beste langrennsløpar i fyrste halvdelen av 1970-talet. Kulakova vann fem VM-gull og totalt fire OL-gull.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kulakova kom med på Sovjetunionen sitt OL-lag i 1968 og vart landets beste løpar på 10 km med ein sjetteplass og tok deretter sølvmedaljen på 5 km, slått av svenske Toini Gustafsson med 3,2 sekundar. Kulakova gjekk så ankerettapen i 3x5 km stafett, men makta ikkje å blande laget inn i gullkampen, der Noregs kvinner overraskande vart olympiske meistrar framom Sverige.

I ski-VM 1970 opna Kulakova med å ta bronsemedaljen på 10 km, før ho på 5 km tok sin fyrste internasjonale meistertittel. Til sist i meisterskapen fekk ho VM-gull i stafetten over 3x 5 km, saman med Nina Fjodorova og Alevtina Smirnova. Både under vinter-OL 1972 i Sapporo og i ski-VM 1974 i Falun vann Kulakova alt som var å vinne; ho sigra på 5 km og 10 km ved begge høva, og ho avgjorde stafettane for Sovjetunionen både i Sapporo og i Falun.

Under vinter-OL 1976 i Innsbruck gjekk Kulakova inn til bronse på 5 km, men mista medaljen for bruk av eit nasespray som inneheldt efedrin. Ho fekk likevel halde fram å delta i leikane og tok bronsemedaljen på 10 km og fekk sølv i 4x5 km stafett. Kulakova opna ski-VM 1978 med to fjerdeplassar, på 5 km og 10 km, og måtte på stafetten sjå seg slått av Finland og DDR sine ankerkvinner i kampen om gull og sølv. På den nye distansen over 20 km kjempa ho med landsmannina Zinaida Amosova om VM-tittelen, og måtte gje tapt med vel sju sekundars margin.

Både under vinter-OL 1980 og i ski-VM 1982 deltok Kulakova på Sovjetunionen sitt stafettleg, som ved begge høva tok sølvmedalje. I 1980 tok ho sin siste individuelle medalje då ha vart nummer to på 20 km under VM i Falun, øvinga vart arrangert som eige meisterskap ettersom ho enno ikkje var teken med på OL-programmet. Kulakovas siste VM-løp fann stad i Holmenkollen under ski-VM 1982, der ho vart nummer fem på 20-kilometeren.

Kulakova la opp i 1982. Ho er tildelt Leninordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar