Galitsj
| Galitsj Галич |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Kostroma oblast | ||||
| Grunnlagd Bystatus |
1159 1778 |
||||
| Geografi | |||||
| Innbyggjarar - Totalt (2005) |
18 500 |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Retningsnummer (tlf) | +7 49437 | ||||
Galitsj (russisk Га́лич) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 19 000 innbyggjarar. Byen ligg på sørsida av Galitsjsjøen, rundt 110 km nordaust for Kostroma.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Byen vart første gang nemnd i skriftlege kjelder i 1234, som Grad Merskij (dvs., byen til merjaane). Han utvikla seg gradvis til eit av dei største sentra for utvinning av salt i Aust-Europa og overskugga den sørlege byen Halytsj som han er kalla opp etter. På 1200-talet var byen styrt av ein yngre bror av Aleksander Nevskij og var hos etterkomarane hans til 1363, då moskovittane erobra byen og jaga den herskande familien til Novgorod.
1400- og 1500-talet vert kalla gullalderen til Galitsj. På den tida kontrollerte byen mesteparten av den russiske handelen i salt og pelsverk. Dmitrij Sjemjaka og andre lokale fyrstar hevda sin rett til trona til Moskva og tre av dei tok faktisk Kreml i Moskva under den store føydalkrigen.
Jordvollane frå mellomalderen vart ytterlegare forsterka på 1400- og 1500-talet og er seinare kjend som Sjemjakabakkane. Polakkane brende byen ned til grunnen i 1612. Peter den store reiv ned ein tre-kreml. Byen gjekk ytterlegare tilbake i og med overføringa av utanrikshandelen til Russland frå Arkhangelsk til St. Petersburg.
[endre] Økonomi og næringsliv
Galitsj Mobilkranfabrikk (russisk: ОАО Галичский автокрановый завод) produserer rundt 20 % av samla produksjon av mobile kranar i Russland.
Industrien i byen produserer òg stålfat, sko og klær. Det er òg eit sagbruk i byen.
Byen er eit mindre knutepunkt på den transsibirske jernbanen.
[endre] Kultur
Historiske monument i Galitsj omfattar forskjellige bygningar frå keiserdøme-perioden i russisk historie. Særskild verd å merke seg er Paisijevklosteret, grunnlagd tidleg på 1300-talet og med ein femkupla katedral frå 1500-talet og ei trekupla kyrkje frå 1642.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad for byadministrasjonen (russisk)
- Byportal for Galitsj (russisk)
- Galitsj Mobilkranfabrikk (russisk)
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Galitsj» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
|
|
||
|---|---|---|
| Administrativt senter: Kostroma | ||
|
Buj · Galitsj · Kologriv · Makarjev · Manturovo · Neja · Nerekhta · Sjarja · Soligalitsj · Tsjukhloma · Volgoretsjensk |
||