Gallion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om skipstypen. For skipdsdelen, sjå gallion på skip.
Illustrasjon av ein spansk gallion av Albrecht Dürer

Ein gallion er eit tre- eller firemasta seglskip med råsegl, som vart nytta av den spanske armadaen. På 1500-talet byrja gallionen å erstatte karakken som det viktigaste sjøgåande fartøyet, og som utmerkte seg med låge, slanke linjer og bakk, der karakken hadde ein utbygd forkastell. Gallionen var ein vidareutvikling av karakken, men utan det høge overbygget framme og med lågare overbygg akterut. Namnet kjem truleg av galei, og gallionen hadde eit langt, lågt nebbhovud som minner om stemna på ein galei, men utan batteriet av framoverskytande kanonar som kjenneteiknar samtidige krigsgaleiar. På sett og vis viser dette at gallionen var bygd for å vere mykje raskare enn karakken, og han var lettare og slankare, og ein mykje betre sjøbåt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]