Galljaøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Halløya i Frans Josefs land

Gallja eller Halløya (russisk Остров Галля; Ostrov Gallja) er ei øy i Frans Josefs land i Arkhangelsk Oblast, Russland.

Halløya er nesten heilt dekt av isbrear. Dei einaste større isfrie områda finn ein sør ved dei to nesa Kapp Tegethoff og Kapp Ozernij på Poluostrov Littova (Littovhalvøya). Det er òg eit isfritt område på det austlegaste neset, Kapp Frankfurt, og eit på det nordvestlegaste punktet, Kapp Wiggins.

Halløya har eit areal på 1049 km² og er ei av dei største øyane i øygruppa. Det høgaste punktet er 502 meter over havet. Det er ei vid bukt på søraustsida av Halløya kalla Zaliv Gidrografov og ei mindre ei vest for Littovhalvøya kalla Surovajabukta.

Halløya ligg særs nær MacKlintokøya i aust, og berre eit smalt sund skil dei to. I søraust ligg eit breiare sund mellom Halløya og Salmøya, på russisk kalla Proliv Lavroka.

Halløya er kalla opp etter den amerikanske polfararen Charles Francis Hall. På russiske kart står namnet stundom oppført som Ostrov Khol (Остров Хол).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart oppdaga 30. august 1873 av den austerriksk-ungarske polekspedisjonen og vart den første øya i øygruppa som vart oppdaga.

I 1898-99 vart det bygd ein liten leir på Mys Tegetkhof (Kapp Tegethoff, 80°05′N 58°01′E av Walter Wellman-ekspedisjonen. Her står det eit minnesmerke til minne om oppdaginga av øygruppa. Kapp Tegethoff vart kalla opp etter hovudskipet til dei austerriksk-ungarske oppdagarane.

Nærliggande småøyar[endre | endre wikiteksten]

  • Like sør for Halløya ligg tre småøyar kalla Ostrova Brounova (Brownøyane). Dei vart kalla opp etter George Brown frå Royal Navy, som i 1850-1854 la ut på leit etter Sir John Franklin, under Kapten R. M'Clure sin kommando på «Investigator».
  • 6 km vest for det nordvestlege neset på Halløya ligg den ovalforma og 5 km lange Ostrov Njukomba (Остров Нюкомба). Ho er isfri og det høgaste punktet er 67 m. Øya er kalla opp etter Raymond Lee Newcomb, marineoffiseren som leia leitemannskapet etter DeLong-ekspedisjonen på skipet «Jeannette» i 1882–84.
  • 1,5 km utanfor nordaustsida av Halløya i den austlege bukta på øya. Ho er lita, men bratt og vert kalla Ostrov Bergkhauz (Остров Бергхауз), og har ei høgd på 372 m. Øya er isfri og kalla opp etter kartografen Heinrich Berghaus (1797-1884).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]