The Maid Freed from the Gallows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gallows Pole)
Teikning av ein galge.
Leadbelly fotografert mellom 1938 og 1948.

«The Maid Freed from the Gallows» er ein hundreår gammal folkesong om ei fordømd ung kvinne som bed nokon å kjøpe henne fri frå bøddelen. I balladesamlinga til Francis James Child har han Child Ballad-nummeret 95. Elleve variantar, nokre berre i fragment, er oppført som 95A til 95K.[1] Balladen har eksistert i mange variantar i forskjellige land, og er omskriven i mange format. Han vart spela inn i 1939 som «The Gallis Pole» av visesongaren Huddie «Leadbelly» Ledbetter, men den mest kjende versjonen er frå 1970 av av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som kalla han «Gallows Pole» på albumet Led Zeppelin III. Denne var basert på arrangementet til Fred Gerlach.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Dei mange ulike versjonane har liknande innhald. Ei møy (ei ung ugift kvinne) eller ein mann skal snart hengast (i mange variantar er ikkje grunnen nemnd), og bed bøddelen, eller dommaren, om å venta på ein person som kan gje han muting eller løysepengar. Typisk har ikkje den fyrste personen eller gruppa som kjem med seg nokre middel, og har ofte kome for å sjå personen bli hengd. Den siste personen som kjem, ofte den trugne kjærasten deira, har teke med seg gull, sylv eller noko anna verdifullt for å redda dei.[1]

Eit typisk refreng går:

«

Hangman, hangman, hangman / slack your rope awhile.
I think I see my father / ridin' many a mile.
«Father, did you bring any silver? / father, did you bring any gold,
Or did you come to see me / hangin' from the gallows pole?»
«No, I didn't bring any silver, / no I didn't bring any gold.
I just come to see you / hangin' from the gallows pole.»

»

Eit anna namn på songen er «The Prickly Bush» og liknande, ein tittel som viser til at den fordømde ofte liknar tilstanden sin med å vera fanga i ein tornebusk. Versjonar med dette temaet kan til dømes også ha i refrenget slike linjer som:

«

O the prickly bush, the prickly bush,
It pricked my heart full sore;
If ever I get out of the prickly bush,
I'll never get in any more.

»

Innsamla versjonar og variantar[endre | endre wikiteksten]

Songen har truleg opphav frå eit anna språk enn engelsk. Det finst om lag femti versjonar av songen i Finland,[2] der han er kjend som «Lunastettava neito». Han heiter «Den Bortsålda» i Sverige og «Die Losgekaufte» på tysk. Ein litauisk versjon finst òg. Songen finst òg på nordsamisk under namnet «Nieida Kajon sis», og er truleg basert på den finske versjonen.[3]

Ein ungarsk versjon kalla «Feher Anna» vart samla inn av Béla Bartók i studiet hans The Hungarian Folk Song. Bror til Anna, László, er fengsla for å stela hestar. Anna ligg med dommar Horváth for å fri han, men broren blir likevel avretta. Ho framkallar då tretten forbanningar mot dommaren.

Den italienske varianten «Cecilia» er ein kjend folkesong med ei soge som liknar den i «Feher Anna», men ikkje inneheld forbanninga. Mannen til Cecilia er blitt dømd til døden, og ho spør kapteinen korleis ein kan frelsa han. Kapteinen lover å gjera det om Cecilia ligg med han. Ho går med på det, men om morgonen ser Cecilia frå vindauget sitt at mannen likevel er hengd.[4]

Lucy Broadwood gav ut ein engelsk versjon av songen i den innverknadsrike boka English Country songs frå 1893.[5] Tidleg på 1900-talet samla Cecil Sharp fleire versjonar i heile England, frå Yorkshire til Somerset. Notata og transkripsjonane hans er tilgjengelege ved nettstaden til Vaughan Williams Memorial Library.[6][7][8]

Folkeminneforskaren Francis James Child rekna den engelskspråklege versjonen av songen som «defekt og forvridd», ettersom dei fleste variantane manglar eit forklarande narrativ og berre delen med å kjøpa fri den dødsdømte er att. Fleire kontinentaleuropeiske variantar har ei forklaring på problemet: Den dødsdømte er blitt fanga av sjørøvarar.[9] Av tekstane Child gav ut hadde ein, 95F, «degenerert» til ein barneleik, medan andre hadde overled som del av ein nordengelsk cante fable (forteljing med songar), «The Golden Ball» (eller Key).[9]

Den mest omfattande engelske versjonen var ikkje ein song, men eit eventyr kalla «The Golden Ball», som var samla inn av Joseph Jacobs og gjeven ut i More English Fairy Tales. Det fortel om ein trulova mann som må redda kjærasten sin frå galgen ved å finna ein gyllen ball.[10] Andre engelske eventyr med meir omfattande variantar av soga har alltid ei heltinne som skal hengast for å ha mista ein ting av gull.[11]

Ein irsk versjon av songen heiter «Derry Gaol» eller «The Streets of Derry» (Roud-nummer 896[12]) har ein ung mann som går gjennom gatene i Derry «more like a commanding officer / Than a man to die upon the gallows tree». I det han stig opp på galgen kjem den trugne kjærasten hans ridande med benåding frå kongen eller dronninga.[13]

Feltopptak[endre | endre wikiteksten]

Folkesongsamlarar har gjort fleire feltopptak av tradisjonelle versjonar av songen. Ei rekkje opptak av den engelske versjonen vart gjort i Sør-England på midten av 1900-talet, og i desse er han gjerne kalla «The Prickle Holly Bush».[14] Folkloristen Peter Kennedy spelte inn ei framføring av Walter Lucas frå Sixpenny Handley i Dorset i 1951,[15] og av Sarah Ann Tuck frå Chideok i nærleiken med ein liknande versjon året etter.[16] Bob Copper spelte inn ein versjon frå Fred Hewett frå Mapledurwell i Hampshire i 1955.[17] Songen verker vera mykje mindre utbreidd i Irland og Skottland.[18][19]

Det er også spelt inn fleire amerikanske versjonar av songen, særleg i Appalachane, der engelske folkesongar er blitt overleverte.[20] Frank Proffitt frå Pick Britches i Nord-Carolina song i opptak for W. Amos Abrams om lag 1939.[21] Jean Ritchie frå Viper i Kentucky song ein tradisjonell versjon ho hadde lært frå familiemedlemmer for Alan Lomax i 1949,[22] og Kenneth Goldstein i 1961,[23] og gav han ut på albumet The Best of Jean Ritchie (1961) akkompagnert av ein appalachian dulcimer.[24] Sarah Organ Gunning, som også var frå Kentucky, song ein liknande versjon for samlaren Mark Wilson i 1974.[25]

Innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]

Leadbelly[endre | endre wikiteksten]

Den legendariske visesongaren Huddie «Lead Belly» Ledbetter, som òg populariserte songar som «Cotton Fields» og «Midnight Special» spelte først inn «The Gallis Pole» i 1930-åra. Lead Belly-utgåva vert spela på ein akustisk 12-strengsgitar.

John Jacob Niles[endre | endre wikiteksten]

Folkesongaren John Jacob Niles spelte inn songen minst to gonger: 25. mars 1940 som «The Maid freed from the Gallows», gjenutgjeven på samlealbumet My Precarious Life in the Public Domain, og i april 1960 i ein dramatisk versjon som «The Hangman» på albumet The Ballads of John Jacob Niles.

Odetta[endre | endre wikiteksten]

Folkesongaren Odetta gav ut songen under tittelen «The Gallows Pole» på det tredje albumet sitt At the Gate of Horn i 1957 og på konsertalbumet sitt Odetta at Carnegie Hall som vart spelt inn 8. april 1960.

Judy Collins og Bob Dylan[endre | endre wikiteksten]

Judy Collins spela songen «Anathea» i 1963, tilskriven Neil Roth og Lydia Wood. Han er tematisk lik den ungarske «Feher Anna», nemnd over. Han kom ut på det tredje albumet hennar tidleg i 1964. Folkealbumet til Dayle Stanley, A Child Of Hollow Times, frå om lag denne tida, inneheld ein versjon av songen («av gresk opphav») under namnet «Ana Thea». Bob Dylan spelte inn den tematiske like «Seven Curses» i 1963 under innspelinga av Freewheelin'. Songen fortel ei liknande soge, men frå synspunktet til ei fordømd dotter. Dylan-songen er òg spelt av mange andre artistar, mellom anna Nic Jones som 'Prickly Bush' på albumet Unearthed. Songen er òg spelt inn av Spiers & Boden.

Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Gallows Pole
Song av Led Zeppelin
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 4:56
Selskap Atlantic Records
Komponist Jimmy Page
Låtskrivar(ar) trad. arr. Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page

Det engelske rockebandet Led Zeppelin spelte inn songen for albumet Led Zeppelin III i 1970. Dette albumet markerte eit langt meir akustisk lydbilete for bandet, etter at Jimmy Page og Robert Plant reiste til hytta Bron-Yr-Aur i Wales for å skrive songar.[26] Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page tilpassa songen frå ein versjon av Fred Gerlach.[26] På albumet er han tilskriven som «Traditional: Arranged by Page and Plant».

«Gallows Pole» startar med ein enkel akustisk gitarrytme, før mandolin kjem inn og elektrisk bassgitar kort tid etter, så banjo og trommer. Instrumenteringa byggjer opp til eit crescendo, tempoet aukar ette kvart songen skrid fram. Page spelte banjo, 6- og 12-strengsgitar og elektrisk gitar (ein Gibson Les Paul), medan John Paul Jones speler mandolin og bass.[26]

Page sa at, på same vis som songen «Battle of Evermore» på fjerdealbumet, kom songen spontant då han starta å eksperimentere med mandolinen til Jones, eit instrument han ikkje hadde spelt tidlegare.[27]

Led Zeppelin spela songen nokre få gonger på konsertar i 1971.[26] Led Zeppelin-utgåva av songen skil seg ut fordi trass i mutinga som bøddelen tek imot, så utfører han likevel avrettinga.

« Oh yes, you got a fine sister, she warmed my blood from cold,
She warmed my blood to boiling hot to keep you from the Gallows Pole,
Your brother brought me silver, and your sister warmed my soul,
But now I laugh and pull so hard to see you swinging on the Gallows Pole
»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Page and Plant spelte seinare ein versjon av songen for No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded i 1994. Dei gav han òg ut som singel. I 2005 spela Robert Plant og bandet hans Strange Sensation songen på fjernsynsserien Soundstage. Dette kom ut på DVD-en Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation.

Songen er òg spela av andre artistar som Great Big Sea, The Kingston Trio, Peter, Paul and Mary, Nic Jones, Almeda Riddle, Uriah Heep, the Pine Valley Cosmonauts, Alvin Youngblood Hart, Steeleye Span og The Merry Wives Of Windsor.

«Derry Gaol» vart fyrst spelt inn av songaren Sarah Makem frå County ArmaghThe Folk Songs of Britain, Vol. 7: Fair Game and Foul (1961), og deretter av Shirley Collins, Trees, The Bothy Band, Cara Dillon, Andy Irvine og Paul Brady, June Tabor, Peter Bellamy og Spiers & Boden.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til «The Maid Freed from the Gallows», «The Prickly Bush» og den nyare «Gallows Pole» er variantar av songen spelt inn under mange andre namn.[28] Av desse finn ein:

  • «The Gallis Pole»
  • «The Gallows Tree» (Bert Jansch)
  • «The Prickilie Bush»
  • «Hangman»
  • «Hangman, Slacken»[29]
  • «Hangman, Slack on the Line»[30]
  • «Gallows»
  • «Freed from the Gallows»
  • «Maid Saved»
  • «By a Lover Saved»
  • «Down by the Green Willow Tree»
  • «Girl to be Hanged for Stealing a Comb»
  • «Ropeman»
  • «Ropeman's Ballad»
  • «Prickle Holly Bush»
  • «Derry Gaol»
  • «Hold Your Hands, Old Man»[29]
  • «Old Rabbit, the Voodoo»
  • «The Briery Bush»[31]
  • «The Golden Ball»
  • «Mama, Did You Bring Any Silver?»
  • «Prickle-Eye Bush» (Bellowhead og Spiers and Boden)
  • «The Sycamore Tree»[32]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Francis James Child, English and Scottish Popular Ballads, "The Maid Freed from the Gallows"
  2. A Peck Of Dirt - Mark Automaton.
  3. Anders Larsen, Mærrasámid birra/Om sjøsamene, s. 53 og 64, Tromsø Museum, Tromsø 1950.
  4. Roberto Leydi. I canti popolari italiani, Mondadori, Milano, 1973
  5. «The Prickly Bush (Roud Folksong Index S158755)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  6. «Waly Waly / The Prickly Bush (Cecil Sharp Manuscript Collection (at Clare College, Cambridge) CJS2/10/800)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  7. «The Prickly Bush (Cecil Sharp Manuscript Collection (at Clare College, Cambridge) CJS2/10/2122)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  8. «Briery Bush / The Prickly Bush (Cecil Sharp Manuscript Collection (at Clare College, Cambridge) CJS2/10/2559)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  9. 9,0 9,1 Francis James Child, The English and Scottish Popular Ballads, v 2, s 346-50, Dover Publications, New York 1965.
  10. Jacobs, Joseph, ed. "The Golden Ball" Arkivert 2020-05-02 ved Wayback Machine. More English Fairy Tales. New York: G. P. Putnam's Sons, 1894.
  11. Tristram P. Coffin, "The Golden Ball and the Hangman's Tree" p 23-4 D. K. Wilgus, Folklore International: essay in traditional literature, belief and custom in honor of Wayland Debs Hand, Folklore Associates, Inc. Hatboro PA 1967
  12. «Welcome to the Vaughan Williams Memorial Library», www.vwml.org, henta 15. oktober 2021 
  13. Zierke, Reinhard. «The Streets of Derry / Derry Gaol / Hail a Brighter Day». Mainly Norfolk. Henta 15. april 2015. 
  14. «Search: rn144 England sound». Vaughan Williams Memorial Library. 
  15. «The Prickle Holly Bush (Roud Folksong Index S187910)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  16. «The Pricketty Bush (Roud Folksong Index S249402)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  17. «The Prickle-holly Bush (Roud Folksong Index S187912)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  18. «Search: "rn144 Ireland"». Vaughan Williams Memorial Library. 
  19. «Search: "rn144 Scotland"». Vaughan Williams Memorial Library. 
  20. «Why did Cecil Sharp go to the Appalachians?». English Folk Dance and Song Society (på engelsk). 11. juli 2016. Henta 3. oktober 2020. 
  21. «Maid Freed From the Gallows, the (hangman's Song) (Roud Folksong Index S397380)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  22. «The Hangman Song (Roud Folksong Index S341764)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  23. «Hangman (Roud Folksong Index S207613)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  24. «Jean Ritchie - The Best Of Jean Ritchie». Discogs (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  25. «Hangman (Roud Folksong Index S307908)». The Vaughan Williams Memorial Library (på engelsk). Henta 3. oktober 2020. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  27. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  28. Folk Music Index - M to Maid N.
  29. 29,0 29,1 Wolf Folklore Collection: Hangman, Slacken (The Maid Freed From the Gallows; Hold Your Hands, Old Man, arkivert frå originalen 21. september 2016, henta 24. mars 2011 
  30. The Ballad of America, John Anthony Scott pages 207-208
  31. Lesley Nelson-Burns "The Briery Bush"
  32. The Ballad of America, John Anthony Scott s. 14-15

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av The Maid Freed from the Gallows ved Wikisource (en).