Galteefjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galteefjella eller Na Gaibhlte på irsk er ei fjellkjede i Munster på Irland. Ho ligg i Golden Vale i grevskapa Limerick, Tipperary og Cork. Galteefjella er den høgaste fjellkjeda som ligg i dei indre områda av Irland. Det høgaste fjellet her er Galtymore med ei høgd på 917 meter over havet.
To lange periodar med isbredanning har påverka området. Dei avrunda toppane av Galteefjella vart danna fordi dei høgare delane av fjellkjeda låg over isen. Isbreane danna botnar på dei høgare fjellsidene, der ein i dag finn botnsjøar
Galteefjella er den nordlegaste fjellkjeda som er danna av at den afrikanske jordskorpeplata pressar seg inn i den eurasiatiske plata.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Galtee Mountains frå Engelsk Wikipedia .