Galtung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Galtung er eit norsk slektsnamn og etternamn. I mellomalderen var Galtung namn på ei norsk adeleg ætt. Det er uvisst om denne ætta er den same som slekta Galtung i nyare tid. Ei slekt Galtung vart kring 1646-48 adla av kongen av Danmark-Noreg. På 1880-talet vart slekta innført i adelsårboka i Danmark.

Familien eigde garden Torsnes i Jondal kommune i Hardanger i fleire hundre år. Slekta er innført i H. J. Huitfeldt-Kaas sitt register frå 1885 over påståtte adelege mellomalderslekter. Slekta Galtung hadde som adeleg slektsvåpen ein oppreist galte, d.v.s ein hann-gris, av villsvin med hoggtenner.

Personar med Galtung som etternamn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Galtung, Johan Ellertsen: Galtungslekten i fortid og nutid, Oslo 1997.
  • Huitfeldt-Kaas, H.J.: De nulevende Adelsslægter i Norge, Christiania 1885.