Galtymore
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Galtymore | |
|---|---|
| Høgd over havet | 917 moh |
| Ligg i/på | Limerick og Tipperary i |
| Fjellkjede | Galteefjella |
| Primærfaktor | 825 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Galtymore (irsk Gaibhlte Mór, stundom stava Galteemore) er eit fjell på grensa mellom County Limerick og Tipperary i Republikken Irland. Det er den høgaste toppen av innlandsfjella på Irland[1].
Sjølve toppen av Galtymore ligg på grensa mellom grevskapa Limerick og Tipperary. Galtymore har bratte fjellsider, men toppen er brei, avrunda og steinete. På nordsida ser ein tydlege spor etter erosjon frå isbrear, og det har mange dalbotnar med botnsjøar, inkludert Lough Curra i vest, Lough Bohreen under toppen og Lough Muskry i aust.
Det er ikkje vanskeleg å nå toppen av Galtymore, men fjella her er brattare enn mange andre irske fjell og nordsida er ofte dekka av snø om vinteren.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Galtymore frå Engelsk Wikipedia .