Galway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Galway
Hovudgata i Galway
Hovudgata i Galway
Byvåpenet til Galway
Byvåpenet til Galway
Motto
«Laudatio Ejus Manet In Seculum Seculi»
(Ros består for alltid)
Plassering
Galway is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Connacht
County Galway
Grunnlagd 1124
Geografi
Flatevidd
 - By

50,57 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Byområde

72 729
  1 438/km²
72 414
Koordinatar 53°16′22″N 9°2′31″WKoordinatar: 53°16′22″N 9°2′31″W
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.galwaycity.ie


Galway (irsk Gaillimh) er den fjerde største byen i Republikken Irland og den einaste større byen i Connacht. Byen ligg på vestkysten av Irland ved Galway Bay, og er administrasjonssete i County Galway. På irsk vert byen òg kalla Cathair na Gaillimhe, som tyder «Byen Galway».

Galway har litt over 70 000 innbyggjarar og er den raskast veksande byen i Irland.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Byen har fått namnet sitt etter elva Gaillimh (Corrib) som danna den vestlege grensa til den tidlege busetnaden, som heitte Dún Bhun na Gaillimhe, eller fortet ved enden av Gaillimh. Ordet Gaillimh tyder «steinete» som i «steinete elv». Byen har òg kallenamnet Byen til stammene/ Cathair na dTreabh, etter fjorten[2] «stammer» eller handelsfamiliar som styrte byen i den irsk-normanniske perioden. Uttrykket Stammer var opphavleg eit nedsetjande uttrykk brukt under Cromwell-tida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dette kartet frå 1651 viser den innmurte byen (nord er til venstre). Elva Corrib er i front kryssa med det som i dag er O'Briens Bridge, som fører til Mainguard Street.

Dún Bhun na Gaillimhe («Fortet ved enden av Gaillimh») vart bygd i 1124 av kongen av Connacht Tairrdelbach mac Ruaidri Ua Conchobair. Ein liten busetnad voks etter kvart opp rundt fortet. Under den normanniske invasjonen av Connacht i 1230-åra vart Galway fort erobra av Richard Mor de Burgh, som hadde leia denne invasjonen. Då de Burgh-familien vart gælisert pressa kjøpmennene på for å få større kontroll over byen som no hadde bymurar. Dei fekk etter kvart fullstendig kontroll over byen og ein borgarmeister vart utnemnt av den engelske krona i desember 1484.

Galway hadde eit spent forhold til sine irske naboar. Eit oppslag over vestporten vart sett opp i 1562 av borgarmeister Thomas Oge Martyn fitz William. Dette sa «From the Ferocious O'Flahertys may God protect us» (Må Gud bevare oss for den hjartelause O'Flaherty-familien). Ei vedtekt i byen forbaud irar (i motsetnad til dei irsk-normanniske innbyggjarane av byen) ugrensa inngang til Galway. Vedtekta sa «neither O' nor Mac shall strutte nor swagger through the streets of Galway» (Verken eller skal Mac sprade eller spankulere i gatene i Galway) utan løyve.

I mellomalderen vart Galway styrt av eit oligarki av fjorten[2] handelsfamiliar (12 av normannisk opphav og to av irsk opphav). Desse var «stammene av Galway». Byen blømde på internasjonal handel. I mellomalderen var han den største irske hamna som dreiv handel med Spania og Frankrike. Christopher Columbus vitja Galway, truleg på veg til Island eller Færøyane. Han skreiv i margen på ei av bøkene sine at han hadde funne prov på land bortanfor Atlanterhavet i eller nær Galway i 1477.[3] På 1500- og 1600-talet var Galway lojal til den engelske krona, sjølv under den gæliske gjenoppbløminga, men likevel støtta byen i 1642 Den katolske konføderasjonen Kilkenny under den engelske borgarkrigen. Under Cromwell si erobring av Irland erobra Cromwell sine styrkar byen etter ei ni månadar lang omleiring. Mot slutten av 1600-talet støtta byen jakobittane under Vilhelmkrigen i Irland (han støtta Jakob II av England mot William av Orange) og vart erobra av vilhelmittane etter ei svært kort omleiring like etter slaget ved Aughrim i 1691. Storfamiliane i Galway vart ruinert og det gjekk nedover med byen. Det var først då økonomien for alvor betra seg i 1990-åra at byen igjen kom seg fullt på fote att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Galway

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. BreakingNews.ie - 'Galway fastest growing city in Ireland'
  2. 2,0 2,1 Dei var kjøpmannsfamiliane Athy, Blake, Bodkin, Browne, Darcy, Deane, Font, Ffrench, Joyce, Kirwin, Lynch, Martin, Morris og Skerrett.
  3. «Bortanfor Galway Irland, flyt menn frå Kina på trestammer». Sjå òg Christopher Columbus.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]