Gamalirsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
gamalirsk
(Goídelc)
Andre namn: gamalgælisk
Klassifisering: indoeuropeiske språk
 keltiske
  øykeltiske
   goideliske
    gamalirsk
Bruk
gamalirsktalande i alt: ingen (språket utvikla seg til mellomirsk i 900-talet)
Språkkodar
ISO 639-2: sga
ISO 639-3: sga

Gamalirsk eller gamalgælisk er namn på den eldste forma av goideliske språk som er attestert med monaleg tekstkorpus. Ein snakka gamalirsk mellom 600 og 900. Språket utvikla seg vidare til mellomirsk. Moderne irsk, skotsk-gælisk og manx har alle sitt opphav i mellomirsk. Størstedelen av tekstar som har vorte behalde til no, har truleg vorte skrivne på 700- og 800-talet.

Gamalirsk hadde nokso komplisert bøying og utmerkte seg med allomorfi, eit sjeldsynt trekk i moderne indoeuropeiske språk, som består i meir eller mindre føreseielege ljodvekslingar i stomn og suffiks, forårsaka av ulike grammatiske forhold. I gamalirsken oppstår det også for fyrste gong fonetiske mutasjonar ved byrjinga av ordet, kjente i dag frå alle levande keltiske språk, men sannsynlegvis ikkje førekomande verken i urirsk eller i fastlandskeltiske språk som gallisk. Medan det allomorfiske systemet vart forenkla i tida, vart mutasjonane bevarte i alle tre etterkomarspråka.

Gamalirsk og gallisk skapar saman grunnlaget for rekonstrueringa av urkeltisk språk. Mellom forskarane som mest har påverka gamalirske studiar er Rudolf Thurneysen (1857-1940), forfattaren av den fyrste handboka i gamalirsk grammatikk, og Osborn Bergin (1873-1950) som var mest oppteken av tidleg irsk litteratur.