Gamaljapansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gamaljapansk (ja:上代日本語 Jōdai nihongo) er den eldste kjendte forma av det japanske språket.

Det er vanskeleg å datera det til ein bestemt tidsbolk, men det er vanleg å rekna med at denne forma heldt seg til 794, då hovudstaden vart flytta frå Heijōkyō til Heiankyō. Å setta ei grense for når tidsbolken tok til er vanskelegare. Nokre japanske person- og stadsnamn vert skrivne med gamle kinesiske teikn, som til dømes Wei Zhi i Soga om tre kongerike. Det er funne bitar av trefjøler og reliktar med inskripsjonar i utgravingar, men den fyrste lengre teksen er Kojiki frå 712. Ved å ta omsyn til dei eldste relikane har ein kome til semje om å rekna 712 som starten av perioden, noko som stemmer med Nara perioden (710-794). Ei meir formell datering, tufta på strengare krav, daterer starten på perioden til 794.

Mellom dei eldste skrive kjeldene finn ein Kojiki (712), Fudoki (720), Nihonshoki (720), og Man'yōshū (etter 771).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]