Gamalskogbukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamalskogbukk


Gamalskogsbukk
Gamalskogsbukk (Tragosoma depsarium)

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Coleoptera
Familie: Cerambycidae
Slekt: Tragosoma
Vitskapleg namn
Tragosoma depsarium

Gamalskogbukk (Tragosoma depsarium) er ei bille i trebukkfamilien. Han finst over eit stort område, og er funnen frå Europa og aust til den Sibirske Stillehavskysten, i tillegg til somme funn frå Nord-Amerika. I Noreg er arten sjeldsynt, og reknast som sårbar etter Norsk raudliste 2006.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Gamalskogbukken er knytt til bartre, særleg furu. Han utviklar seg i gamle, liggande stammar og stubbar som er om lag midtvegs i nedbrytinga. Larvane forpuppar seg i juni-juli, og kjem fram som vaksne biller i juli-august. Som vaksne er dei nattaktive dyr som heldt seg skjult om dagen. Dei har ei generasjonstid på 3 år i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]