Gambit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.

Ein gambit er ei sjakkopning der ein spelar ofrar materiell for å oppnå andre fordelar, vanlegvis utviklingsforsprang. Vanlegvis er det ein bonde som blir ofra, men det finst også gambitar der ein ofrar ein løpar eller springar. Ein gambit der motstandaren svarar med å sjølv å ofre, spele gambit, blir kalla ein motgambit.

Ordet gambit blei først teke i bruk i sjakk av den spanske presten Ruy López de Segura. Ordet kjem frå italiensk dare il gambetto, «å setje eit bein fram» eller altså «å spenne bein på nokon», «krokfot». Lopez studerte og utvikla denne spelemåten, og dermed fekk det italienske ordet den spanske forma gambito, som deretter vart til det franske gambit, slik det også skrivst på norsk.

Eksempel på gambitar[endre | endre wikiteksten]

Dette er den mest spelte «gambiten», men er teknisk sett ikkje ein gambit sidan kvit straks kan vinne bonden tilbake etter 2. ..dxc4 3.Da4+

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]