Game Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Game Boy Light)
Game Boy


ProdusentNintendo
LanseringJP: 21. april 1989
NA: 31. juli 1989
EU: 28. september 1990
Einingar selde118,69 millionar
Mestseljande spelTetris (30,26 millionar)
EtterfølgjarGame Boy Color

Game Boy (ゲームボーイ) er ein handhalden spelkonsoll som er laga av det japanske føretaket Nintendo. Spelkonsollen vart lansert i 1989 og kom ilag med spelet Tetris

Game Boy er den første konsollen i Game Boy-serien og vart lansert første gong den 21. april 1989 i Japan. Maskina er basert på ein Z80 prosessor, hadde ein liten svart og grøn reflektiv LCD-skjerm, ein åttevegs styreknapp, to handlingsknappar (A og B), og Start- og Select-knappar. Game Boy speler spel frå ROM-baserte medium i små plastikkeniningar som ein kunne skifte ut, kalla spelekassettar. Dataspelet Tetris hjelpte Game Boy med å nå ut til dei store massane, og står bak mykje av suksessen til plattforma. I starten var konsollen berre tilgjengeleg i ein nøytral gråfarge, men i 1995 gav Nintendo ut modellar i fleire ulike fargar og reklamerte for dei med ein Play It Loud!-kampanje (spel høgt).

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • CPU: Tilpassa 8-bits Sharp Z80 som køyrer på 4,194304 MHz (har eit noko ulikt instruksjonssett enn ein standard Z80 og integrert lydgenerering)
  • RAM: 8 KB intern S-RAM
  • ROM : 256 Kb, 512 Kb, 1 Mb, 2 Mb, 4 Mb og 8 Mb kassettar
  • Video RAM: 8 KB internt
  • Lyd: 4 kanalars stereo lyd. Spelkonsollen har berre ein høgtalar, men bruk av øyrepluggar gjev stereolyd
  • Skjerm: Reflektiv LCD, 160 x 144 pikslar
  • Skjermstørrelse: 66 mm (2.6 tommar) diagonalt
  • Fargepalett:
    • Game Boy: 4 nyansar av «grå» (grøn til svart)
    • Game Boy Pocket: 4 gråtonar
  • Kommunikasjon: Opptil fire Game Boy konsollar kan koplast saman via seriellportar
  • Straum:
    • Game Boy: 6 V, 0.7 W, 4 AA batteri – rekk til om lag 35 timar
    • Game Boy Pocket: 2 AAA batteri – rekk til om lag 10 timar
    • Game Boy Light: 2 AA batteri – rekk til om lag 20 timar med lyset av og 12 timar med lyset på

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Game Boy Pocket[endre | endre wikiteksten]

Game Boy Pocket

I 1996 lanserte Nintendo Game Boy Pocket; ei mindre og lettare ny utgåve som kravde færre batteri. Med plass til 2 stk AAA batteri kunne maskina halde det gåande i om lag ti timar med speling. Denne versjonen fekk ein mindre linkport, og ein treng såleis ein adapter for å kople Game Boy Pocket saman med den eldre Game Boy-utgåva. Denne porttypen vart seinare nytta på alle dei nyare Game Boy-modellane. Fargene på skjermen vart endra til ekte svart-kvitt i staden for grønfargane som originalen nytta. Den første utgåva hadde ikkje LED-lampe for å vise straumnivået til batteriet, men dette vart seinare lagt til etter etterspørsel om dette frå kundane.

Game Boy Light[endre | endre wikiteksten]

Game Boy Light

Game Boy Light vart lansert i 1998, men berre i Japan. Denne utgåva var litt større enn Pocket-utgåva, og hadde opplyst skjerm for speling i mørke og svakt lys. Light nytta 2 stk. AA batteri som rakk til kring tjue timar med speling med lyset av og tolv timar med lyset på. Maskina er den einaste handhaldne spelkonsollen Nintendo kom ut med fram til lanseringa av Game Boy Advance SP i 2003.

Denne modellen er den mest sjeldne modellen utanfor Japan, og på grunn av dette vert den ofte seld for langt meir enn dei andre Game Boy-modellane.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.