Game Boy Player

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på bruk av Game Boy Player; GCN-kontroll og GBA gagnar same funksjon, GBASP blir tolka som ein annan spelar.

Game Boy Player er ei eining laga av Nintendo for Nintendo GameCube som lèt ein spela av Game Boy-, Game Boy Color- og Game Boy Advance-spelekassettarfjernsyn. Eininga blir festa på undersida av GameCube-konsollen via paralellporten, og krev ei særskilt oppstarts-plate for at ein skal få tilgang på maskinvara.

Eininga har same djupn og breidd som sjølve GameCube-konsollen, men er berre 3 cm høg. På framsida av eininga er ein utgang for å putta inn Game Boy-kassettar, og tre utgangar for linkkablar der fleire Game Boy-einingar kan bli kopla til for fleirspelar-modus.