Gamle Uppsala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fornminneområdet i Gamle Uppsala sett frå gravfeltet. Dei større haugane på gravfeltet (heilt til venstre på fotografiet) ligg i nærleiken av dei såkalla kongehaugane midt på biletet, og attom desse ligg mellomalderkyrkja synleg mellom trea. Til høgre ligg den låge, avflata tinghaugen, og heilt til høgre på fotografiet ligg Gamle Uppsala museum.
Utgravinga av Vesthaugen (Västhögen) i 1874.
Gamle Uppsala mellomalderkyrkje.

Gamle Uppsala er eit fornminneområde i Uppsala kommun i Uppsala län i Uppland i Sverige, der mellom anna dei vidgjetne gravhaugane Uppsala högar og mellomalderkyrkja Gamla Uppsala kyrka ligg. Kyrkja var i si tid både domkyrkje og sete for erkebiskopen. I dag er Gamle Uppsala ein lut av tettstaden Uppsala og inngår i bydelen Norra staden.

Ein reknar med at Gamle Uppsala har vore ein sentralplass for maktstrukturen førhistorisk tid i det som no er Svealand. I vikingtida låg her den store kultplassen med hòv, heilag lund, heilag kjelde og heilag tre låg som Adam av Bremen skildrar i Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden. Men tydelege arkeologiske spor etter denne store kultinnretninga er ikkje funne. Gamle Uppsala heitte på denne tida berre Uppsala (skrive på ulikt vis som til dømes Upſala, Ubsala). I eldre jarnalder har havnivået vore høgare, slik at Gamle Uppsala låg nord for ei vik som gav tilkomst frå Austersjøen, men i vikingtida hadde byen vorte skåre av frå havet på grunn av landhevinga.

Gravhaugar og gravfelt[endre | endre wikiteksten]

I Gamla Uppsala ligg det tre store gravhaugar, Uppsala höger, òg kalla kongehaugane ( kungshögarna), som er mellom dei aller største i Sverige. Ifylgje folkeleg meining skal dei ha vore reist på 500-talet over gravene til sveakongane eller dei tre gudane Tor, Odin og Frøy, som etter Snorre Sturlusons Ynglingesaga var kongeættas aner. I dag reknar ein med at haugane skriv seg frå ei tid mellom år 500 og 600 e.Kr., og dei har no fått dei prosaiske namna Vesthaugen (Västhögen), Midthaugen (Mitthögen) og Austhaugen (Östhögen) etter deira geografiske plassering i terrenget. Austhaugen vart greve ut i 1846 av riksantikvaren Bror Emil Hildebrand, og det kom då for dagen ei kjernerøys som dekte ein branngrav. Vesthaugen vart greve ut i 1874, og her låg branngravrestene samla i eit lite kar. Funna synte seg å vere framifrå for si tid, mellom år 550 og 625 e.Kr., mellom anna eit fragment av ein såkalla vendelhjelm og fragment av gull som truleg skriv seg frå ei halskrage av gull. På området i nærleiken av haugane ligg det òg eit førhistorisk gravfelt med 200 – 300 graver tidfesta til yngre jarnalder, og det har tidlegare vore fleire andre gravfelt i tillegg, men som har vorte øydelagt av jordbruksverksemd, slik at det har vore 2000 – 3000 graver her.


Spor etter førhistoriske bygningar og anna[endre | endre wikiteksten]

Ved granskingar er det avdekt spor attmed mellomalderkyrkja etter tidlegare bygningar. Aust for dei tre haugane, attmed kyrkja, ligg Tinghaugen (Tingshögen), ein låg avflata haug som kan ha vore nytta i seremoniar i samband med val av kongar. Rett nordaust for kyrkja ligg eit platå kvar arkeologiske granskingar har synt at det har stått fleire store hallbygningar, og bustadhus har stått aust for desse. Ein voll av eit eller anna slag har stått nord for husa, mellom kyrkja og elva Fyrisån.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsidene til Gamle Uppsala museum.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gamle Uppsala