Gamlebyen i Baku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gamlebyen

Gamlebyen eller Den indre byen (aserbajdsjansk İçəri Şəhər) er det historiske sentrumet i Baku. I desember 2000 vart Gamlebyen i Baku, med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet, den første staden i Aserbajdsjan som vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er brei semje om at Gamlebyen, med Jomfrutårnet, går tilbake til minst 1100-talet, medan enkelte forskarar meiner at han oppstår heilt tilbake til 600-talet. Dette er enno ikkje avgjort.[1]

I mellomalderen vart monument som Synyg Gala-minareten (1000-talet), bymurane og tårna (1000 til 1100-talet), Jomfrutårnet, Multani karavanserai og Hajji Gayyib-badet (1400-talet), Sjirvansjahpalasset (1400- til 1500-talet), Bukhara karavanserai og Gasimbey-badet (1500-talet) bygd.

I 1806, då Baku vart annektert av Det russiske imperiet, var det 500 husstandar og 707 butikkar, med eit folketal på 7000 i Gamlebyen (då den einaste bydelen i Baku). Mellom 1807 og 1811 vart bymurane reparerte og festningsverka utvida. Byen hadde to portar, Saljan-portane og Sjemakha-portane. Byen var verna av mange kanonar som stod i murane. Hamna vart gjenopna for handel, og i 1809 vart det oppretta eit tollkontor.[2]

Det var i denne perioden at Baku starta å vekse utanfor bymurane, og nye bydelar dukkar opp. Så uttrykket «Den indre byen» (aserbajdsjansk İçəri Şəhər) og «Den ytre byen» (aserbajdsjansk Bayır Şəhər) kom i bruk. Om det tidlege russiske styret, skreiv skodespelaren frå Baku Huseyngulu Sarabski i memoarane sine:[3]

« Baku var delt i to seksjonar: Ichari Shahar og Bayir Shahar. Den indre byen var hovuddelen. Dei som levde i Den indre byen vart rekna som innfødde i Baku. Dei hadde alt nær seg: basaren, handverkarar og moskear. Det var til og med ei kyrkje der inne, samt militærkaserner bygde under den russiske okkupasjonen. Innbyggjarane som levde innanfor bymurane rekna seg sjølv overordna dei som budde utanfor, og kalla dei ofte berre for «dei berrføtte i Den ytre byen»  »

Då russarane kom vart den tradisjonelle arkitekturen i Gamlebyen endra. Mange europeiske bygg vart bygde på 1800-talet og tidleg på 1900-talet, med stilar som barokk og gotikk.

I 1865 vart ein del av bymurane som var vendt ut mot sjøen øydelagd, og steinane seld og nytta i byggverk i Den ytre byen. Pengane ein fekk frå dette salet (44 000 rublar) gjekk til å byggje Baku Boulevard. I 1867 dukka dei første fontene i Baku opp på boulevarden.

I denne perioden vart to portar til opna, ein av dei den kjende Taghijev-porten (1877). Opninga av nye portar og passasjar heldt fram til langt ut i sovjettida.

Strøk[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen er delt inn i fleire strøk, som òg tente som sosiale skilje. Stundom vart inndelinga av Gamlebyen kalla opp etter moskeane som låg her, til dømes, Jumamoske-strøket, Sjalmoske-strøket, Mahammadjarmoske-strøket, osv.[4]

  • Seyjids, eit strøk for dei geistlege
  • Aghshalvarlilar, eit strøk for adelen
  • Bozbasjjemejenler, eit strøk for «dei som ikkje et kjøt»
  • Gemitsjiler, eit strøk for skipsbyggarar og sjømenn
  • Hamamtsjilar, eit strøk for arbeidarar i offentlege bad
  • Arabatsjilar, eit strøk for køyrekarar
  • Nojuttsjuler, eit strøk for oljearbeidarar
  • Juhud Zeynallilar, eit jødisk strøk
  • Lezgiler, eit strøk for smedar frå Dagestan
  • Gilaklar, eit strøk for kjøpmenn frå Gilan

Undergrunnsanlegg[endre | endre wikiteksten]

I 2008 oppdaga ein ein gammal tunnel frå 1800-talet, då ein bygde om Vahidparken. Arbeidarane gjekk om lag 200 meter inn i tunnelen, før dei møtte vatn og avleiringar. Ut frå bileta teikna i tunnelen, er han bygd særs grundig. Veggane, taket og golvet er dekt av kvit, oppskoren stein. Arbeidarane fann òg fleire myntar frå sovjettida, som tyder på at det har vore nokon i tunnelen før dei i nyare tid.[5]

I følgje forskaren Vitalij Antonov, var Baku seint på 1700-talet eit opprørssenter i Kaukasus, og tunnelen vart bygd for å redde guvernøren i tilfelle masseopprør i byen. Ein annan versjon er at passasjen er ein av fleire som førte ut til det gamle Sabayilslottet, som vart lagt under vatn i Kaspihavet. Det er fleire tunnelar som går frå Sjirvansjahpalasset og Synykh Gala, i Icheri Shekher, mot havet. Synykh Gala var moskeen på 1400-talet under sjah Ismail Khatai, og vart øydelagd av soldatane til Peter den store. Det vil sei, at den oppdaga passasjen kan vere ein del av undergrunnsnettverket som knytte byen Sabayil til land.[6]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende madrasa i Gamlebyen opna på 1100-talet, og av dei populære lærarane finn ein Baba Kuhi Bakuvi. Firehundre år seinare, var ein annan kjend læremeister Seyid Yahya Bakuvi (døydde i 1403) som grunnla ein Darulfunun (Kunst- og vitskapshus, ein slags føregjengar for eit moderne universitet) ved Sjirvansjahpalasset. Då Sjirvansjah-staten fall forsvann utdanninga i Baku gradvis. I 1806 var det bere tolv mollakhanaer (grunnskular drivne av moskeane) att i Gamlebyen, og berre tre av dei overlevde til 1900-talet. Seinare vart alle slike skular lukka og erstatta av moderne barnehagar og statsdrivne skular.

Verdsarvstad[endre | endre wikiteksten]

I desember 2000 vart Gamlebyen i Baku med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet den første staden i Aserbajdsjan som vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Tre år seinare, i 2003, sette UNESCO Gamlebyen på lista over verdsarvstader i fare, etter eit jordskjelv i 2000, som medførte skadar, dårleg bevaring og «tvilsame» restaureringsforsøk.[7]

I 2009 lovpriste Verdsarvkommitteen Aserbajdsjan for innsatsen for å bevare Gamlebyen og fjerna han frå farelista.[8][9]

Karakter og arv[endre | endre wikiteksten]

Gateskilt i Gamlebyen

I lange tider var morbærtreet bak Djumamoskeen eit tydeleg symbol for Gamlebyen. Ein meinte at treet var fleire hundre år gammalt. Treet vart nytta i mange ordtak og songar som var populære i Gamlebyen, og vart eit lokalt landemerke. Staden der treet stod vart kalla Morbærtreplassen. I 1970-åra vart derimot treet hogd ned på grunn av nærliggande nybygging.

Eit anna populært landemerke i Gamlebyen er den lokale bokhandlaren som hovudsakleg sel brukte bøker, men òg nye bøker. Han ligg mellom karavanseraiane Bukhara og Multani, Jomfrutårnet og Hajinski-palasset (elles kjend som Charles de Gaulle-huset fordi han var her under den andre verdskrigen), og er ein populær destinasjon for studentar og bokinteresserte i Baku, hovudsakleg på grunn av dei låge prisane.

Gamlebyen har vore skildra på framsida av den aserbajdsjanske 10 manat-setelen sidan 2006.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gamlebyen i Baku

Koordinatar: 40°21′58″N 49°50′06″E