Gammalkyrkjeslavisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gammalkyrkjeslavisk
(словѣньскыи ѩзыкъ, slověnĭskyi językŭ)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Balto-slavisk
  Slavisk
   Sørslavisk
Bruk
Rangering: Aust-Europa
Skriftsystem: glagolittisk, kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-1: cu
ISO 639-2: chu
ISO 639-3: chu
Wikipedia på gammalkyrkjeslavisk
Eit blad av (Triod' cvetnaja) frå ca. 1491, ei av dei eldste trykte bysantisk-slaviske bøkene. Frå det polske nasjonalbiblioteket.

Gammalkyrkjeslavisk (ѩзъıкъ словѣньскъıи) var det første slaviske skriftspråket. Dette har utvikla seg til dei kyrkjeslaviske språka som enno blir brukt i liturgien i mange slaviske ortodokse kyrkjer.

Dette første slaviske skriftspråket vart utvikla på 800-talet av to greske brør, misjonærane Kyrillos og Methodios, med utgangspunkt frå den sørslaviske dialekten som vart brukt i Saloniki. Arbeidet la grunnlaget for utbreiinga av kristendommen i Serbia og Bulgaria i andre halvdelen av åttehundretalet, og at desse landet fekk kristendommen i den bysantiske, austlege forma. Austkyrkja meinte alt meinte folk skulle feire gudstenesta på sitt eige språk, mens kyrkja i Roma heldt på trespråktanken – at kristendommens språk var latin, gresk og hebraisk.

Dei bysantinske misjonærane som kom til Kievriket på slutten av nihundretalet, hadde med seg både kristendom og skriftspråk. Russerane overtok dette skriftspråket som bygde på ein sørslavisk dialekt, men som ikkje skilde seg altfor mykje frå det gammalrussiske talespråket.

Når dei slaviske folka fekk eit gudstenestespråk som i hovudsak var forståeleg for vanlege folk, fekk det mykje å seie for utbreiinga av den kristne bodskapen. Samtidig førte dette til at Russland hamna på sida av den store latinspråklege kulturen som prega den vestlege delen av Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]