Gammalprøyssarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brandenburg Wappen.svg
Prussiaflag small.jpg

Historia til Brandenburg og Preussen
Nordmark
før 1100-talet
Gammalprøyssarane
før 1200-talet
Markgrevskapet Brandenburg
11571618 (1806)
Ordensstaat
12241525
Hertugdømet Preussen
15251618
Det kongelege (polske) Preussen
14661772
Brandenburg-Preussen
16181701
Kongedøme i Preussen
17011772
Kongedømet Preussen
17721918
Fristaten Preussen
19181947
Brandenburg
19471952 / 1990
Sjå òg Preussen

Gammalprøyssarane eller baltiske prøyssarar (tysk Pruzzen eller Prußen; latinsk Pruteni; latvisk Prūši; litauisk Prūsai; polsk Prusowie) var ei folkegruppe av baltiske stammer busett i Preussen, landområdet søraust for Austersjøen i området rundt Wisłalagunen og Den kuriske bukta. Dei talte ei språk som i dag vert kalla gammalprøyssisk og følgde ein religion som lærde i dag meiner var nært knytt til litauisk heidenskap med gudar som Perkūnas. På 1200-talet vart gammalprøyssarane erobra av Den tyske riddarordenen og gradvis germanisert i løpet av dei neste hundreåra. Den tidlegare tyske staten Preussen fekk namnet sitt frå denne folkegruppa, sjølv om staten vart styrt av tyskarar som hadde assimiliert gammalprøyssarane. Det gammalprøyssiske språket var ikkje lenger i bruk på 1600-talet.[1]

Dei prøyssiske stammene saman med dei andre baltiske stammene, om lag 1200. Dei austlege baltarane er vist i brune fargetonar, medan dei vestlege baltarane er vist i grønt. Grensene er berre omtrentlege.

Landområda til gammalprøyssarane utgjorde om lag sentrale og sørlege delar av Aust-Preussen, dagens Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen, Kaliningrad oblast i Russland og den sørlege Klaipėda-regionen i Litauen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopædia Britannica om 'Old Prussian language'

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]