Gamme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gamme frå Aust-Finnmark frå slutten av 1800-talet.
Ein gamme er ei enkel jordhytte som er bygd opp rundt eit reisverk av stokkar, og han er ofte forma på same måten som dei flyttbare lavvoane til samane.

Gamme (nordsamisk goahti, lules. goahte, pites. gåhte, umes. gåhtie, sørsam. gåetie) er ei eldgammal, enkel form for jordhytte. Han har reisverk av tre som er dekt med jord og/eller torv. Gammar er i dag fyrst og fremst forbundne med samar og kvener, men denne typen bustad har vore nytta over heile landet, heilt sidan dei fyrste menneska kom, til langt opp i historisk tid.

Vanlegvis hadde ein gamme eitt rom, men han kunne òg vere avdelt i fleire rom. Eldstaden var gjerne på golvet midt i hytta, med røykhòl i taket (ljore).

Lenger sør i landet enn Finnmark har desse enkle jordhyttene vorte kalla «kjøyte» eller «kåte», og dei vart i nyare tid hovudsakleg brukt som mellombelse bustader for tømmerhoggarar og fangstfolk. Kåtene (samisk goatte) tilsvarar hovudsakleg gammane, men skil seg frå dei ved at stokkane som vert reiste utanpå sperresystemet, ikkje vert kutta i toppen.

Den lengste gammen i verda ligg ved grensestasjonen i Svanvik i Pasvikdalen i Sør-Varanger. Han vart fyrste gong bygd i 1921, men brann ned under krigen, og vart ikkje bygd opp att før i 1998.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]