Gangart i gruver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gangart, gangstein, gråberg eller sidestein er i gruve- og bergverksdrift omgrep for steinmassar som ikkje inneheld malm, og dermed ikkje er interessante for gruvedrifta. Driv ein til dømes og vinn ut jern frå jernmalm, vil steinklumpar utan slik malm vera rekna som gangart. Dei kan ikkje vidareforedlast til jern, men kan likevel brukast til andre føremål som pukk, ballast eller fyllmasse i til dømes betong.

Ein kan skilja malm frå gangart på ulike måtar. Ein vanleg måte er å køyra all masse på eit samleband der menneske plukkar bort gangart frå malmhaldig berg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.