Gangesdeltaet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Gangesdeltaet. Den breie elva til venstre er Hugli. (Kjelde: NASA)
Krokodille på mudderflate i Sundarbans i Gangesdeltaet.
Foto: Peter Andersen

Gangesdeltaet er verdas største elvedelta. Det ligg ved Bengalbukta i Bangladesh og India ved munningen av fleire elvar, ei av dei Ganga (Ganges), som har gjeve namn til deltaet. Området er svært fruktbart, og brødfør fleire hundre millionar menneske. Det er også flatt og lågtliggande, og dermed utsett for naturtrugsmål som flaum og havstiging.

Deltaet er om lag 350 km breitt der det renn ut i Det indiske havet via Bengalbukta. Flatevidda varierer i ulike kjelder, frå 60 000 km² til 130 000 km².[1] Dei tre elvane som møtest i deltaet er nedre Ganga, som heiter Padma eller Pôdda i Bangladesh, nedre Brahmaputra (Djamuna eller Djomuna), og Meghna. Utløpet av Hugli, ei sideelv til Ganga, blir gjerne rekna som den austre enden av deltaet. Ved denne elva ligg dei indiske hamnebyane Kolkata og Haldia. Aust for Gangesdeltaet ligg Chittagong, ein annan viktig hamneby til Det indiske havet, medan hamna Mongla ligg midt i.

Form[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av deltaet som viser slamavsetjingar. Den breie elva til høgre er Meghna. (Kjelde: NASA)

Deltaet blir forma av dei store slammassane elver som Ganga og Brahmaputra fører med seg ut mot havet. Etter kvart som slammet blir avsett må elvevatnet finna seg nye løp gjennom dei, noko det gjer i åtte nye hovudelvar og hundretals små. Området er likevel hovudsakleg eit tidvassdelta med store mudderflater og saltmyrer, der linene i deltaet er parallelle med elvestraumen og står normalt på kystlina.

Deltaet er bygd opp av fleire lag leire, sand, bergarten mergel og organiske stoff som torv, brunkol og anna detritus. Under deltaområdet ute i Bengalbukta ligg det naturgassfelt som blei oppdaga på 1990-talet. Fleire store oljeselskap planlegg utforsking av gass i Bangladesh.

Medan norddelen av deltaet er svært fruktbar og folkerik, er sørdelen grisgrendt myr med mangroveskog og eit heilt eige økosystem -- området blir kalla Sundarbans. Den vestre kystlinja har vore stabil i det minste sidan 1700-talet, men den austre delen av deltaet blir stadig endra ved at dei store slammengdene blir forma til øyar, kalla tsjår, som også kan forsvinna etter nokre år. I dei siste tiåra har fleire større øyar - Bedford, Lohachara, Kabasgadi og Suparibhanga - forsvunne utan at det er blitt bygd opp nye. Dette er eitt av fleire trugsmål mot Gangesdeltaet og Sundarbans som truleg skuldast klimaendringar.[2]

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Sundar-tre i vatn i Sundarbans.
Foto: Peter Andersen

Klimaet i Gangesdeltaet er hovudsakleg vått tropisk, og det fell rundt 2-3 meter regn i året i aust og 1,5-2 meter i vest. I tillegg kjem elvevatnet. Under kvar monsun blir deltaet overfløymd, og nokre delar ligg under vatn i eit heilt halvår. Monsunen kjem som regel om sommaren, og juli er den våtaste månaden, med eit nedbørsgjennomsnitt på over 330 mm. Kraftige monsunar fører til flaumar, og fordi landet er slakt og flatt kan opptil to tredelar av Bangladesh bli overfløymd.

Temperaturen i deltaet varierer frå eit gjennomsnitt i Kolkata på 14-25 °C den kaldaste månaden, januar, til gjennomsnittleg 25-35 °C i april, som saman med mai er den varmaste.

Gangesdeltaet er særs utsett for endringar i klima og havnivå. Eit stigande hav kan føra til at store delar av det blir liggande under vatn heile året, slik at fleire millionar mister heimane sine. Meir saltvatn i brakkvatnet som finst i deltaet vil føra til aukande salinisering av området, som øydelegg for jordbruket. Global oppvarming kan også føra til fleire og kraftigare uvêr, til dømes fleire syklonar.

Folk[endre | endre wikiteksten]

Fiskebåtar i Sundarbans.
Foto: Bri Vos

Det bur mellom 115 and 143 millionar menneske i Gangesdeltaet, som i store delar har ein folketettleik på 200 per km², noko som gjer det til eit av dei tettast busette områda i verda. Området, som på engelsk også er kjend som Bengaldeltaet, dekker det tidlegare Bengal med rundt to tredelar i Bangladesh og ein tredel i indiske Vest-Bengal.

Ein reknar med at over 300 millionar lever av næring knytt til deltaet, ved å dyrka plantar som ris, jute eller driva fiske, reke- eller fiskeoppdrett. Ein bygger ein god del stolpehus og dike for å verna seg mot flaum. Medan vanleg monsunoverfløyming fører med seg næringsrikt slam til markene, kan større flaumar øydeleggja landbruksjord og heimar og føra til at folk druknar.

Katastrofar[endre | endre wikiteksten]

Den største ulukka i Gangesdeltaet fann stad den 13. november 1970, då 300 000 menneske blei drepne i ei flodbølgje skapt av ein syklon.

Det har vore fleire flaumar dei siste tiåra, den største i to månader i 1998, då eit tusentals menneske blei drepne, medan over 30 millionar måtte forlata heimane sine, og heile risavlinga blei øydelagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 60 000 km² i Encyclopaedia Britannica, som berre reknar med slamavsetjingane i sjøen; 75 000 i Bowden (2003); 130 000 i David Cumming: Ganges River (India and Bangladesh) (Gareth Stevens, 2003)
  2. Subir Bhaumik for BBC: «Fears rise for sinking Sundarbans»