Garborgheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Garborgheimen, der Arne Garborg blei fødd og vaks opp. Bygd i 1848.
Foto: Gunleiv Hadland

Garborgheimen er fødestaden og barndomsheimen til forfattaren Arne Garborg. Huset blei bygd av foreldra hans, Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg, i 1848. Huset er eit typisk jærhus og står på garden Garborg i Time kommuneJæren, om lag 5 km vest for Undheim. Huset vart eigd og bruk av familien fram til 1869. Innreiinga og møblar frå 1850-talet gir eit godt bilete av den kulturelle og sosiale bakgrunnen til diktaren. Nokre få gjenstandar er autentiske for staden, blant anna den blå kista, ei hylle og ein lysestake, medan det meste er tidsautentisk. Huset er eit godt bevart jærhus og har vore freda som kulturminne frå 1939, og har vore drive som museum frå 1951. Huset vert skildra blant anna i romanen Fred.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Garborgheimen