Gardarike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gardarike, norrønt Garðaríki, er eit namn som vart nytta på området til aust-slavarane av vikingane frå Norden. Namnet tyder «riket med borgane». På reisene gjennom Aust-Europa, til mellom anna Miklagard eller Jorsalaland, støtte vikingane på talrike slaviske byar med «borg» i namnet (-gard eller -grad).

Ettersom vikingane særleg handla med dei nordre russiske områda, skildrar sogene Holmsgard (Hólmgarður, Novgorod) som hovudstaden i Gardarike. Andre byar som blir nemnde er Aldeigjuborg (gamle Ladoga), Kœnugardr (Kiev), Pallteskja (Polotsk), Smaleskia (Smolensk), Surdalar (Suzdal), Moramar (Murom) og Rostofa (Rostov).

Vidare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart blei Gardariket til den fyrste russiske statsdanninga. Handelsmenn og busetjarar frå noverande Sverige vart kalla rusar. Den fyrste russiske staten vart kalla Kiev Rus. Etter kvart utvikla det seg til Novgorodriket. Novgorod eller Gardarike byrja på 1300-talet å ekspandera nordover, fyrst kring innsjøane Ladoga og Onega, så langs Kvitehavskysten og på 1500-talet langs kysten av Kola.

I Skandinavia og på Island kalla ein dei russiske landa for Gardarike heilt fram til 1200-talet. Eit anna namn var Store-Svitjod, som mellom anna vart nytta i Snorri Sturluson si Ynglingesoga. Svitjod var eit namn på eit rike i Sverige.