Gardermobanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gardermoen stasjon på Oslo lufthamn, Gardermoen har tilkomst til terminalbygningen på flyplassen.
Flytoget på Lillestrøm stasjon

Gardermobanen er ein dobbeltspora, elektrifisert jarnbane for høgfartstog mellom Oslo sentralstasjon (eigentleg mellom Etterstad i Oslo rett utanfor sentralstasjonsområdet) og Eidsvoll, til saman 64 km. Banen er ein parsell av Dovrebanen til Trondheim over Hamar og Gudbrandsdalen, og vart opna dels i 1998, dels i 1999.

Gardermobanen går via Oslo lufthamn, Gardermoen, og vart bygd for at størsteparten av trafikken til denne store flyplassen skulle gå med tog i staden for bil. Difor vart det lagt vekt på at reisetida frå Osloområdet til flyplassen skulle vere så stutt som råd er. Dei toga som vart innkjøpt for strekninga Asker – Gardermoen, seinare Drammen - Gardermoen, «flytoga», eigd av eit selskap skipa for føremålet, køyrer i 210 km/t på høgfartstrekningane. Dei ordinære toga til og frå Eidsvoll og nordover nyttar òg banen og stoppar på Gardermoen, i og for seg i konkurranse med flytoga.

Gardermobanen har desse stasjonane og haldeplassane: Oslo sentralstasjon, Lillestrøm, Gardermoen, og lokaltogstasjonane Kløfta, Eidsvoll Verk (som ligg 1,8 kilometer frå Eidsvoll Verk og Eidsvollsbygningen) og Eidsvoll. Lillestrøm stasjon er sams for Gardermobanen, Hovedbanen og Kongsvingerbanen.

Mellom Etterstad i Oslo og Stalsberg i nærleiken av Lillestrøm stasjon går Gardermobanen i ein 13,8 kilometer lang tunnel med namnet Romeriksporten etter distriktet Romerike, som Lillestrøm, Gardermoen og Eidsvoll ligg i. Tunnelen går beint under bustadområda på Hellerud i Oslo og skogsområdet Østmarka, eit av dei skogs- og utmarksområda som vert rekna til Oslomarka. Då det synte seg at tunnelen drenerte ut området, slik at vatnet forsvann i somme av tjerna i Østmarka og det vart setningsskadar på hus i Hellerudområdet som fylgje av lågare grunnvassnivå, måtte det så store utbetringar av tunnelen til at denne strekninga ikkje kunne opnast før 22. august 1999, medan lina mellom Lillestrøm og Gardermoen hadde opna i august 1998. I mellomtida gjekk togtrafikken til Gardermoen over den gamle lina, Hovedbanen, mellom Oslo og Lillestrøm.