Gareth McAuley
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Gareth McAuley | |
| Fødselsdato | 5. desember 1979 | |
| Fødestad | Glenoe i Nord-Irland | |
| Høgd | 191 cm | |
| Posisjon | Midtstoppar | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Ipswich Town | |
| Draktnummer | 4 | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 1996-2000 1999-2000 2000-02 2002-04 2004-06 2006-08 2008- |
0 (0) 7 (0) 62 (3) 65 (4) 72 (8) 74 (5) 91 (6) |
|
| Landslag** | ||
| 2005- | 25 (1) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Gareth McAuley (fødd 5. desember 1979 i Glenoe i Antrim i Nord-Irland) er ein nordirsk fotballspelar, som spelar i forsvar for Ipswich Town i engelsk Football League Championship og for det nordirske fotballandslaget.
McAuley spelte for diverse klubbar i Nord-Irland fram til han var 24 år gammal, sommaren 2005, då han vart profesjonell fotballspelar hjå Lincoln City i England. Han spelte to sesongar for Lincoln i League Two, fjerde høgste divisjon i England. Sommaren 2006 tok han steget opp til Leicester City i The Championship, nest høgste nivå. Då Leicester rykte ned etter 2007/08-sesongen, gjekk McAuley til Ipswich, og blei dermed verande i The Championship.
McAuley debuterte for Nord-Irland sitt A-landslag 4. juni 2005 i ein privatlandskamp mot Tyskland. Han skåra det første landslagsmålet sitt 11. februar 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp borte mot San Marino.