Garforth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Garforth

På veg inn i byen frå vest på A63
På veg inn i byen frå vest på A63
Plassering
Garforth is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Yorkshire
Distrikt City of Leeds
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

15 394
Koordinatar 53°48′″N 1°23′″WKoordinatar: 53°48′″N 1°23′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer LS25
Telefon-retningsnummer 0 113
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Garforth

Garforth er ein by i den austlege utkanten av City of Leeds, altså ein by innanfor ein større by. Han er er fråskild frå sjølve Leeds, med fleire byar mellom dei to, men har trekk av å vere ein soveby.

Området er forholdsvis velståande, og kriminaliteten og arbeidsløysa er lågare enn gjennomsnittet i City of Leeds. Av dei nestan 24 000 som budde der ved folketeljinga i 2001 åtte litt over 80 % sine eigne heimar, noko som er 20 % høgare enn i distriktet som heilskap. Omkring 15 000 budde i Garforth sentrum, og resten på bustadområde rundt.

Byen oppstod som ei følgje av ekspansjon på 1600- og 1700-talet, då den lokale familien Gascoine dreiv fleire kolgruver i området. Fleire landsbyar – Micklefield, Kippax, Swillington, Methley og Allerton Bywater – voks opp rundt byen i same periode. I dag er produksjonsindustri og bilverkstader viktigaste næringsvegane, og meir enn ein ein tredjedel av arbeidsstokken er tilsett der.

I seinare tid har byen vakse som følgje av ein generell oppgangstid i Leeds, kombinert med gode transporthøve. A1 og M1 går rett ved, og er forbunde med ein ringveg. Det er to jernbanestasjonar, Garforth og East Garforth, som betener linja mellom Leeds og York. Det er dermed mogleg å pendle til fleire stader i området, og det er enkelt å reise til og frå byen for å finne andre tilbod.

Rugby er den viktigast idretten i området, og dei to største klubbane i området er Leeds Rhinos og Castleford Tigers. Rhinos vann Syp League i 2004 og World Club Challenge i 2005. Fotball har tradisjonelt stått i skuggen for rugby i Garforth, men har i seinare år vorte meir populært. Garforth Town AFC spelar i Northern Counties East Football League. Mot slutten av 2004 byrja brasilianaren Sócrates å spele for klubben. Naturleg nok er mange av innbyggjarane òg tilhengarar av Leeds United FC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]