Gargano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap frå Gargano

Monte Gargano er eit fjell i Apulia i Italia som dannar ryggen av halvøya Promontorio del Gargano i Adriahavet. Det meste av høglandet, om lag 1 211,18 km², er i dag ein nasjonalpark, Parco nazionale del Gargano, oppretta i 1995. Denne vert administrert av provinsen Foggia.

Gargano er ei halvøy som delvis er fjellkledd og delvis dekt av restane av den gamle skogen Foresta Umbra, den einaste gjenverande delen i Italia med eldgamle eik- og bøkeskogar som ein gong dekte mykje av Sentral-Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]