Gargnäs

Koordinatar: 65°18′42.584″N 17°57′41.821″E / 65.31182889°N 17.96161694°E / 65.31182889; 17.96161694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°18′42.584″N 17°57′41.821″E / 65.31182889°N 17.96161694°E / 65.31182889; 17.96161694 Gargnäs (sørsamisk Draehkie, umesamisk Dráhkie) er ein småstad i Sorsele kommun, som ligg cirka 50 km søraust for tettstaden Sorsele på det smale neset mellom elva Gargån og Hemsjön.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Gargnäs, Gargån og lappskattelandet Karko har fått sine namn etter det samiska ordet kárku, som tyder ei mindre strekning med tørr mark i ei myr eller i eit myrlendt terreng.[1]

Gargnäs er nokre gongar òg blitt kalla Dragnäs.[2] Dette har gjeve opphav til det umesamiske namnet Dráhkie, og det sørsamiske Draehkie. Drag er eit svensk dialektord som tyder «smalt nes».[3] Sidan staden ligg på eit smalt nes mellom Gargån og Hemsjön, var det ein enga stad for samar å ta seg fram i båtane sine.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gargnäs ligg i eit område som i byrjinga av 1700-talet var ein del av lappskattelandet Karko.[4] På staden Draati mellom Gargån og Hemsjön fanst det ein gammal reinvall, der samane i ein periode hadde opphaldsstaden sin. På sjølve reinvallen blei bygningen ved namn Gargnäs oppført i 1756 av Hans Mårtensson, son av samen Mårten Turesson og Barbro Hansdotter, som var dottera til den første klokkeren i Sorsele, Hans Ersson. Hans Mårtensson overtok òg skatten for lappskattelandet Karko. Nokre år seinare slutta broren Nils seg til, og overtok halvparten av området som Hans hadde rydda.[2]

Gargnäs kyrkje[endre | endre wikiteksten]

I Gargnäs finst det ei trekyrkje frå 1911. I 1962 blei Gargnäs forsamling utskild frå Sorsele forsamling som ein eigen kyrkjelyd. I 2006 blei denne kyrkjelyden slått saman att med Sorsele forsamling.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Gargnäs har ein eigen flyplass, som blir kalla Garglanda. Den er den einaste flyplassen i Vindelådalen.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Staden har eit bedriftslag i fotball som trener i Lund. Laget Gargnäs blei grunnlagt føre sesongen 2005, og fekk starte i division 3B. I 2006 vann laget innandørscupen med 32 lag som MFF-support arrangerte i kombihallen i Malmö. I serien rykte laget same år opp til divisjon 2.

Laget har spelt i superettan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørn Collinder: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Uppsala, 1964, side 80
  2. 2,0 2,1 Ossian Egerbladh: Sorsele 1671–1821, Ur lappmarkens Busetnadhistoria, V, Umeå, 1967, side 26, 94–97
  3. Svenskt ortnamnslexikon/2003, side 88
  4. Bertil Marklund: Skogssamiska studier: möten i kultur och näringar 1650–1800, Kulturens Frontlinjer: skrifter från forskningsprogråka Kulturgräns Norr nr 16, Umeå, 1999, side 49-50