Rapido
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gari)
| Rapido | ||
| Utspring | Le Mainarde | |
| - Høgd | om lag 2 000 moh | |
| Munning | Liri nær Cassino | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 40 km | |
| Middelvassføring | 25 m³/s | |
Rapido er ei 40 km lang elv i Lazio i Italia. Ho renn gjennom Ciociaria i provinsen Frosinone.
Ho har sitt utspring på grensa mellom Lazio og Molise i fjellsida i Mainardefjella. Elva renn gjennom området Sant'Elia Fiumerapido her ho vidare vert kalla Gari og nær Cassino renn ho i lag med Liri og dannar Garigliano.
Fleire karstkjelder renn ut i elva og ho har derfor relativt stor og jamn vassføring. I gjennomsnitt er vassføringa 25 m³/s og aldri under 10 m³/s.
Elva var åstad for eit blodig slag i januar 1944 då dei allierte prøvde å opprette eit bruhovud for å innleie åtak på Gustavlinja nær Monte Cassino.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rapido River frå Engelsk Wikipedia .