Garigliano
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Garigliano | ||
|
|
||
| Utspring | Bør Cassino | |
| - Høgd | 130 moh | |
| Munning | Tyrrenhavet nær Minturo | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 38 km (158 km inkludert Liri) | |
| Middelvassføring | 120 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 5 020 km² | |
Garigliano er ei elv sentralt i Italia. Ho oppstår der elvane Gari (òg kalla Rapido) og Liri renn saman. Namnet Garigliano er eigentleg ei omforming av «Gari-Lirano». I antikken vart heile elva Liri og Gagliano kalla Liris.
Det meste av lengda på 38 km dannar Garigliano grensa mellom dei italienske regionane Lazio og Campania. I mellomalderen danna elva (då kalla Verde) den sørlege grensa til Kyrkjestaten.
Historie [endre]
Under den andre verdskrigen var elvane Liri-Gari-Garigliano senteret i eit system av tyske forsvarslinjer (den mest kjende av desse var Gustavlinja) der slaget ved Monte Cassino fann stad i 1943-44.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Garigliano frå Engelsk Wikipedia .