Garij Napalkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garij Napalkov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 27. juni 1948 (75 år)
Nizjnij Novgorod
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Garij Jurjevitsj Napalkov (russisk: Гарий Юрьевич Напалков) (fødd 27. juni 1948) i Gorkij er ein russisk, tidlegare skihoppar som tevla for Sovjetunionen og idrettslaget Burevestnik Gorkij. Han vart verdsmeister i begge hoppbakkane under Ski-VM 1970.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

6. januar 1968 vann Napalkov hoppvekerennet i Innsbruck og kom på sjetteplass samanlagt i hoppveka. Under OL i Grenoble i 1968 vart han nummer 11 i storbakken i Saint-Nizier og nummer 14 i normalbakken i Autrans. Vinteren etter vann han hoppvekerennet i Oberstdorf, men vart nummer 15 i samanlagt.

Vinteren 1970 var Napalkov i sitt livs form. I den tysk-austerrikske hoppveka kom han på tredje plass samanlagt, berre overgått av vinnaren Horst Queck frå Aust-Tyskland og norske Bjørn Wirkola. Under VM 1970 i Štrbské Pleso gjekk Napalkov heilt til topps både i normalbakken og i storbakken. I normalbakken fekk han sterkast konkurranse frå Yukio Kasaya frå Japan som fekk sølv, og bronsevinnaren Lars Grini frå Noreg. Napalkov vann også det individuelle hopprennet i Lahti i 1970. Same året tok han andreplassen i Holmenkollrennet, der det vart sovjetisk dobbeltsiger då Vladimir Belousov vann rennet. Napalkov vart derimot sovjetisk meister i både stor- og normalbakken.

Under OL 1972 i Sapporo vart Napalkov nummer seks i storbakken og nummer sju i normalbakken.

Han la opp skihoppinga i 1976.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Garij Napalkov – Profil og resultatoversikt hos FIS