Garm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Garm var i den norrøne gudelæra ein diger hund som vakta inngangen til Hel sitt dødsrike.

Garm var den største hunden som fanst, som regel blodig om både brystet og kjeften. Han heldt til i Gnipahelleren.

Voluspå fortel at hunden skulle varsla Ragnarok ved å gøy høgt tre gonger. Etter det første varselet skulle Fimbulvinteren ta til. Etter det andre skulle jotner koma seg inn i Åsgard. Det tredje bar bod om ei ny og betre verd etter kaoset.

Under kampen mellom jotner og æser skulle Garm slost mot Ty, og dei to ville drepa kvarandre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]