Garpegenitiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Garpegenitiv er ein måte å uttrykke eigedomstilhøve på i norsk og tysk ved hjelp av refleksivt eigedomspronomen: sin / si / sitt / sine.

Genitiv i norsk[endre | endre wikiteksten]

bokmål blir eigedomstilhøve ordinært markert med den klitiske partikkelen -s:

Maris bil, Oles sykkel, NRKs programtilbod, NSBs styre, Danmarks konge

Denne s-en ser ut som ei bøyingsending, men oppfører seg meir som ein postposisjon, eller ein klitisk partikkel. Medan ei bøyingsending ville ha vorte lagt til ordet som er kjernen i setningsleddet, blir klitiske partiklar lagt til heile leddet, jf. at det heiter (mannen i gata)-s meining, og ikkje mannen-s i gata meining.

Ledd av typen NRKs programtilbod kling ikkje bra på nynorsk, og dette blir vanlegvis skrive om med ein preposisjon:

bilen til Mari, sykkelen åt Ole, programtilbodet frå NRK, styret i NSB, kongen av Danmark

Slik omskriving er alltid mogleg på bokmål òg.

Garpegenitiven er eit «kompromiss» som i dag er heilt vanleg å bruka både i bokmål og nynorsk:

Mari sin bil, Ole sin sykkel, NRK sitt programtilbod, NSB sitt styre, Danmark sin konge

Her er endinga -s bytt ut med eit sjølvstendig ord.

I samband med namn kan ein få setningskonstruksjonar som:

Taðēr e hass Ōɽa si bōk. («Det der er hans Ola si bok.»)

I nokre dialektar, mellom anna i etterkrigsgenerasjonen på Ytre Nordmøre, er det relativt vanleg å ha garpegenitiv som ending etter trykktunge eigedomspronomen:

Taðēr e miņņ siņņ båt.

i motsetnad til

Taðēr e båtn miņņ.

Dette blir bruka i alle personar, kjønn og tal:

miņņ siņņ (m.sg.), mī sī (f.sg.), mett sett (n.sg.); mīn sīn (pl.)
diņņ siņņ (m.sg.), dī sī (f.sg.), dett sett (n.sg.); dīn sīn (pl.)
hass siņņ (m.sg.), hass sī (f.sg.), hass sett (n.sg.); hass sīn (pl.)
hænas siņņ (m.sg.), hænas sī (f.sg.), hænas sett (n.sg.); hænas sīn (pl.)
ǫss siņņ (m.sg.), ǫss sī (f.sg.), ǫss sett (n.sg.); ǫss sīn (pl.)
dǫkkǫr siņņ (m.sg.), dǫkkǫr sī (f.sg.), dǫkkǫr sett (n.sg.); dǫkkǫr sīn (pl.)
dæras siņņ (m.sg.), dæras sī (f.sg.), dæras sett (n.sg.); dæras sīn (pl.)

Dette fenomenet finn ein òg ofte i barnespråk i andre delar av landet:

Det er min sin bamse

Garpegenitiven si historie[endre | endre wikiteksten]

Sin-konstruksjonen var opphavleg ein folkeleg uttrykksmåte som oppstod på Vestlandet for om lag 600 år sidan. Han spreidde seg raskt til talemålet i Trøndelag og Nord-Noreg. I dag er han framleis ei folkeleg form, men kan no høyrast i daglegtale over heile landet og er fullt ut godteken som korrekt norsk.

Namnet på denne forma, garpegenitiv, kjem frå «garp» (eit gammalnorsk ord for «storskrytar») som var eit oppnamn folk i Bergen brukte om tyske kjøpmenn i Hansatida. Hansaspråket fekk sterk innflytnad på norsk (ikkje berre bergensk), og det er sannsynleg at denne nye bruken av det tradisjonelle, nordiske, refleksive eigedomspronomenet sin stammar frå denne tida – til liks med nesten ein tredel av alle andre uttrykk i moderne norsk.

Garpegenitiv hadde låg status i det dansk-norske skriftspråket, kanhende fordi han var ukjend i Danmark. Lenge var han uglesett i bokmål òg, særleg blant skribentar frå Austlandet. Heller ikkje i nynorsk har alle vore viljuge til å godta han. Dei som ville at nynorsk skulle byggja på det urnorske og halda seg primært til gamle uttrykksmåtar, forkasta gjerne garpegenitiv. Dei meir folkemålsnære har derimot alltid godteke garpegenitiv i nynorsk.

Bruken av garpegenitiv i skriftleg norsk har auka gradvis i mange år og er stadig på frammarsj.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]