Garvellachs

Koordinatar: 56°14′N 5°47′W / 56.233°N 5.783°W / 56.233; -5.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Garvellachs (skotsk-gælisk Garbh Eileaich) eller Isles of the Sea er ei lita øygruppe i Indre Hebridane i Skottland. Dei høyrer til regionen Argyll and Bute og lgig vest for Lunga og nordvest for Scarba og har vore utan busetnad sidan den andre verdskrigen.

Av øyar i øygruppa finn ein Garbh Eileach, Dùn Channuill og Eileach an Naoimh.

Farvatnet kring øyane vert mykje nytta til segling. Ein treng god kjennskap til området og vêret endrar seg ofte raskt. Tidvasstraumane i området er kraftige, og mellom Scarba og Jura finn ein kvervelen Corryvreckan, som er den tredje største virvelstraumen i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

56°14′N 5°47′W / 56.233°N 5.783°W / 56.233; -5.783