Gasherbrum IV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gasherbrum IV
Høgd over havet 7 932 m
Område Pakistan (Gilgit-Baltistan), Kina (Shaksgam-dalen)
Fjellområde Karakorum
Dominans 2,37 km → Gasherbrum III
Skardhøgd 715 mfd2
Koordinatar 35° 45′ 39″ N, 76° 36′ 57″ AKoordinatar: 35° 45′ 39″ N, 76° 36′ 57″ A
Gasherbrum IV (China)
Gasherbrum IV (China)
Gasherbrum IV
Gasherbrum IV
Førsteklatring Walter Bonatti og Carlo Mauri, 6. august 1958

Gasherbrum IV er med 7 932 m det syttande høgste fjellet i verda og det femte høgste i Gasherbrum-gruppa, som det òg gav namn til.[1] Grensa mellom Pakistan og Kina går over nordaust- og nordvestegga. Toppegga med hovudttoppen ligg sør for grensa og dermed i Pakistan. I godt vêr strålar vestveggen i kveldssola og derfor blir Gasherbrum ofte omsett med «lysande vegg». Den eigentlege tydinga er det ikkje mindre treffande «vakkert fjell».

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

6. august 1958 lukkast det ein italiensk ekspedisjon under leiing av Riccardo Cassin å førsteklatre fjellet. Først på toppen var Walter Bonatti og Carlo Mauri. Ruta gjekk over nordaustegga

Vestveggen blei lenge rekna som eit av dei siste store problema innan klatresporten. I 1985 gjekk austerrikaren Robert Schauer og polakken Wojciech Kurtyka denne veggen i alpin stil, dvs utan bærarar, høgdeleirar, faste tau eller medbrakt oksygen. Dei nådde den 20 meter lågare nordtoppen, men det var dårleg vêr og dei var utmatta, så dei tok ikkje sjansen på traversen over toppegga til hovudttoppen.[2]

Hovudtoppen blei ikkje klatra igjen før i 1986, då Greg Child, Tim Macartney-Snape og Tom Hargis gjekk over nordvestegga. Eit koreansk lag lukkast i 1997 med med å klatre vesteveggen over ei anna rute.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Günter Oskar Dyhrenfurth: Zum dritten Pol. Die Achttausender der Erde. München 1952, s. 238
  2. Wojciech Kurtyka: «The Shining Wall of Gasherbrum IV.» I American Alpine Journal 1986 (AAJO).[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er omsett frå artikkelen Gasherbrum IV på Wikipedia på tysk slik den var 29. juni 2012.