Gaspard-Gustave Coriolis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gaspard-Gustave de Coriolis

Gaspard-Gustave de Coriolis eller Gustave Coriolis (21. mai 179219. september 1843) var ein fransk matematikar, ingeniør og forskar frå Paris. Han er mest kjend for arbeidet sitt om corioliskrafta. Coriolis var den første til å bruke uttrykket arbeid om produktet mellom kraft og avstand.

I 1816 vart Coriolis lærar ved École Polytechnique. Her utførte han eksperiment med friksjon og hydraulikk

I 1829 publiserte Coriolis læreboka Calcul de l'Effet des Machines (Utrekning av effekten til maskinar), som presenterte mekanikk på ein slik måte at han lett kunne brukast i industrien. I denne perioden vart det korrekte uttrykket for kinetisk energi, \frac{1}{2}mv^2, og forholdet til mekanisk arbeid fastslått.

Dei neste åra heldt Coriolis fram med å arbeide med kinetisk energi og roterande system. Den første artikkelen hans, Sur le principe des forces vives dans les mouvements relatifs des machines (Om prinsippa om kinetisk energi i forhold til relativ rørsle i maskinar), vart presentert for Académie des Sciences (Coriolis 1832). Tre år seinare kom artikkelen som gjorde han vidkjend, Sur les équations du mouvement relatif des systèmes de corps (Om likningar for relativ rørsle i eit system av lekamar) (Coriolis 1835). Coriolis sine artikklar omhandlar ikkje atomsfæren eller jordrotasjonen, men tek for seg overføring av energi i roterande system som vasshjul.

Coriolis sitt namn byrja å dukke opp i meteorologisk literatur på slutten av 1800-talet, men uttrykket corioliskraft dukka ikkje opp før på byrjinga av 1900-talet. I dag er namnet Coriolis sterkt knytt til meteorologi, men alle dei store oppdagingane om den generelle sirkulasjonen og forholde mellom trykket og vindfelta, kjende ikkje Gaspard Gustave Coriolis til.

Coriolis døydde i Paris, 51 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]