Gasshydrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gasshydrat er kjemiske sambindingar mellom gassmolekyl og vatn. Hydrat som er av særleg stor interesse er metan, etan, propan og butan fordi dei er aktuelle i utvinninga av naturgass.

Vanleg is av reint vatn har ein krystallstruktur som er regelmessig og tett, medan dei nærskylde strukturane i gasshydrata har holrom som vert fylte av gassmolekyl. Vanleg is smeltar ved 0 ºC, eller ved lågare temperaturar når trykket stig, medan gasshydrata er stabile over 0 ºC, så lenge trykket er høgt nok. Dette gjer at gasshydrata kan skape problem i olje- og gassutvinning. I borehol er trykket høgt og det kan dermed skje isdanning i borehol og røyr, sjølv om temperaturen er godt over null.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]