Stiklingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gasterosteidae)
Stiklingar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Cottoidei
Infraorden: Gasterosteales
Familie: Stiklingar Gasterosteidae
Bonaparte, 1832
Trepigga stingsild er den vanlegaste arten i Noreg

Stiklingar (Gasterosteidae) eller stingsild er ein familie små beinfisk. FishBase reknar for tida med at han består av 16 artar fordelt på 5 slekter. Fleire av artane har likevel eit stort tal på underartar, og det er brei semje om at systematikken deira treng ei oppdatering.

Stingsild er små fisk med avlange kroppar. Dei fleste er blanke i fargen og har eit hissig lynne. Mange av artane har beinplater på sidene; alle har eit sett (3-16) godt utvikla piggar framfor ryggfinna.

I Noreg førekjem tre artar: Trepigga stingsild, nipigga stingsild og tangstikling.

Artar[endre | endre wikiteksten]