Gaston Tissandier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gaston Tissandier.

Gaston Tissandier (21. november 184331. august 1899) var ein fransk vitskapsmann, flygepioner, forfattar og redaktør. Han gjennomførte fleire flygingar med varmluftsballong, mellom anna då han kom seg ut frå det kringsette Paris i 1870, skipa saman med broren Albert Tissandier vekebladet La Nature, og skreiv ei rekkje populærvitskaplege bøker og ungdomsbøker.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Fotografi av Albert Tissandier (venstre), Gaston Tissandier (høgre), og ein tredje, ukjend mann i luftfartøyet deira. 1890-talet.

Gaston Tissandier vart fødd i Paris i 1843. Han studerte kjemi, og vart i 1864 utnemnd til leiar for forsøkslaboratoriet til Union nationale. Her fekk han også interesse for meteorologi, som var årsaka til at han tok til med flyging.

Fyrste ballongturen vart gjort i 1868 i Calais saman med Claude-Jules Dufour, og i 1875 sette han høgderekord, då han i lagmed Joseph Croce-Spinelli og Théodore Sivel kom opp i 8600 meters høgd. Båe dei to medreisande døydde av oksygenmangel i den tynne lufta. Tissandier overlevde, men vart døvhøyrd. I 1883 utstyrde han eit luftskip med ein elektrisk motor, og laga slik det fyrste luftfartøyet med elektrisk framdrift.

Tissandier var visepresident i det franske luftskipselskapet, professor hjå Association polytechnique, og medlem av den franske Æreslegionen. I 1873 skipa han det vitskaplege veketidsskriftet La Nature, som han sat som redaktør for fram til 1896. Tissandier døydde i Paris i 1896.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Eléments de Chimie. Paris 1870
  • L'Eau. Paris: Hachette 1867
  • La Houille. Paris: Hachette 1886
  • Histoire de mes ascensions récit de quarante voyages aériens (1868-1886). Paris: Maurice Dreyfous 1887
  • En ballon! Pendant le siège de Paris. Souvenirs d'un aéronaute. Paris 1871
  • Les Merveilles de la photographie. Paris: Hachette 1874
  • Histoire de la gravure typographique. 1875
  • Simples notions sur les ballons. 1876
  • Le Grand Ballon captif à vapeur de M. Henry Giffard. 1879
  • Les Martyrs de la science. Paris: Dreyfous 1879
  • Observations météorologiques en ballon. Résumé de 25 ascensions aérostatiques. Paris 1879
  • Les ballons dirigeables: Application de l'électricité à la navigation aerienne; [Ouvrage accompagné de 35 fig. et de 4 pl. hors texte]. Paris 1885
  • La photographie en ballon, avec une table. Paris 1886
  • Histoire des ballons et des aéronautes célèbres. Paris: H. Launette & C. 1890
  • La Tour Eiffel de 300 mètres: description du monument, sa construction, ses organes mécaniques, son but et son utilité. Avec une lettre autographie de G. Eiffel. Paris: Masson 1889
  • Bibliographie aéronautique: Catalogue de livres d'histoire, de science, de voyages et de fantaisie, traitant de la navigation aérienne ou des aérostats. Paris 1887

I tillegg til dette utga Tissandier fleire ungdomsbøker, mellom andre Les récréations scientifiques ou l'enseignement par les jeux (1880), kan hende fyrste boka med vitskaplege gjer-det-sjølv-eksperiment for ungar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]