Gata Kamsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gata Kamsky

Gata Kamsky (tatar:Ğata Kamskiy, Ğataulla Rөstəm uğlı Sabirov; Гата Камский, Гатаулла Рөстәм улы Сабиров;) (russisk: Гатаулла Рустемович Сабиров, Гата Камский)

(fødd 2. juni 1974) er ein tatar-russisk Sovjet-fødd amerikansk stormeister i sjakk. Han har rating 2725 på Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste for januar 2009. Dette rangerer Kamsky som nr 17 i verda og som nr 1 i USA.

Kamsky var eit vidunderbarn som nådde finala i FIDE sin verdsmeisterskap i sjakk 20 år gammal i 1996, og han nådde ein fjerdeplass på verdsrankingen i 1996.[1] Han la deretter meir eller mindre opp - spelte to parti i 1999, og brukte tida til først å studere medisin eit års tid, før han deretter fullførte jusstudiar. Han spelte nesten ingen FIDE-rata parti mellom 1997 og slutten av 2004.

Kamsky vann Verdscupen i sjakk 2007. Dette gav han retten til ein tvekamp mot Veselin Topalov om retten til å spele tvekamp om Verdsmeisterskapen i sjakk i 2009 mot verdsmeisteren Viswanathan Anand. Kampen mellom Kamsky og Topalov gjekk i Bulgaria mellom 16. og 26. februar 2009. Topalov vann kampen 4,5-2,5.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Kamsky var fødd i Novokuznetsk i Russland, i ei tatar-familie. Gata sitt etternamn, Kamsky, er laga på grunnlag av kunstnarnamnet til besteforeldra hans, som var medlemmer av ei omreisande Tatar-teatergruppe. Det opphavlege familienamnet er Sabirov.

Han vann Sovjetmeisterskapen for aldersgruppa under 20 år to gongar før 1989. 12 år gamal vann han eit turneringsparti mot stormeister Mark Taimanov. Han var truleg då den yngste som hadde vunne eit turneringsparti mot ein stormeister. Han oppnådde også den sovjetiske nasjonale meister-tittelen same året. I 1989 flytta han til USA saman med faren Rustam Kamsky (også skrive Röstäm).

I 1990, då han var 16 og enno ikkje hadde fått nokon sjakktittel spelte han i intersoneturneringa som kvalifiserte til verdsmeisterskapen i sjakk. Han var ein av 64 spelarar, og fekk 5,5 poeng på 13 rundar.[2]

I 1990 tildelte Verdssjakkforbundet FIDE stormeistertittelen til Kamsky. I 1991 vann han USA-meisterskapen. Kamsky gjorde det også godt i andre store sjakkturneringar, der han mellom anna vann turneringa i Las Palmas i 1994.

Kandidat til verdsmeisterskapen (1993-1996)[endre | endre wikiteksten]

I 1993 arrangerte både Verdssjakkforbundet FIDE og Garri Kasparov sin utbrytarorganisasjon Professionals Chess Association (PCA) intersoneturneringar. Kamsky spelte i begge, og kvalifiserte seg også i begge til dei respektive kandidatturneringane. Desse kandidatturneringane vart dominerte av Kamsky og Viswanathan Anand.

I første runde i FIDE si kandidatturnering vann Kamsky mot Paul van der Sterren (+3=3−1). Kvartfinala mot Anand, i juli og august 1994 i Sanghi Nagar, India var meir dramatisk. Etter remis i dei to første partia, vann Anand dei to neste og leia 3-1. Femte parti vart remis. Kamsky klarte deretter å vinne 2.5–.5 i i dei tre gjenståande partia, og tvekampen var dermed uavgjort 4–4 (+2=4−2). Men Kamsky vann dei to ekstrapartia i hurtigsjakk, og dermed tvekampen. I semifinala, også i Sanghi Nagar, i februar 1995, vann Kamsky overtydande mot Valerij Salov 5.5–1.5 (+4=3−0).

I Professionals Chess Association (PCA) si kandidatturnering 1994-1995 vann Kamsky mot Vladimir Kramnik i kvartfinala i New York i juni 1994. I september 1994 vann Kamsky mot Nigel Short i semifinala i Linares, Spania. I kandidatfinala i Las Palmas i mars 1995 mot Anand vart resultatet det motsette av resultatet i FIDE-kvartfinala mellom dei same spelarane, Kamsky tapte (+1=7−3).

I tvekampen mot Short i september 1994 skjedde det ei mykje omtalt konfrontasjon mellom Gata Kamsky sin far, Rustam Kamsky, og Short.[3]

I 1996 spelte Kamsky ein tvekamp over 20 parti mot Anatolij Karpov om FIDE sin VM-tittel i Elista i Kalmykia. Kamsky tapte kampen 7.5–10.5 (+3=9−6).

Inaktiv (1996-2004)[endre | endre wikiteksten]

Etter at han tapte tvekampen mot Karpov slutta Kamsky å spele sjakk. Han tok eksamen frå Brooklyn College i 1999. Detter var han på legestudiar i eit år.[4] Han begynte deretter på jusstudiar, og fullførte dette studiet på Touro Law Center i New York.

Kamsky sine neste FIDE-rata parti etter tapet mot Karpov var i 1999, då han deltok i FIDE Knockout World Championship i Las Vegas. Han møtte der Alexander Khalifman. Kamsky vann det første partiet, tapte det andre partiet, og tapte deretter ekstrapartia i hurtigsjakk, og var dermed slått ut av turneringa.

Comeback (frå 2004)[endre | endre wikiteksten]

Kamsky spelte ikkje noko offentleg parti før 15. juni 2004, då han deltok i den 106. New York Masters[5]. Han spelte då fire parti på ein dag, med tenketid på 30 minutt på heile partiet. To vinstar og to remisar var nok til ein delt førsteplass med fire andre. Han deltok deretter i fleire andre utgåver av denne turneringa som går kvar veke, med blanda resultat. Han spelte si første turnering med full tenketid i USA-meisterskapen 2005, som vart arrangert i november-desember 2004. Han tok der respektable 5,5 poeng på 9 runder.

Kamsky var rata som nummer 19 i verda på FIDE si ratingliste for april 2005, med 2700. Kamsky har sidan deltatt med gode resultat i dei store sjakkturneringane i verda.

I november-desember 2005 deltok Kamsky i Verdscupen i sjakk 2005 som FIDE arrangerte i Khanty-Mansijsk. Han blei der nummer 9 av 128 deltaktarar, etter at han i sjuande og siste runde vann tvekampen mot Magnus Carlsen om 9. og 10-plassen. Kamsky (og også Magnus Carlsen) kvalifiserte seg dermed for FIDE si kandidatturnering.[6]

I 2006 vart han nr 2 etter Veselin Topalov i M-Tel Masters i Bulgaria. Like etterpå spelte Kamsky på første bord for USA sitt lag som tok bronsemedaljen i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Torino.

FIDE si kandidaturnering vart etter betydelege forseinkingar spela i mai-juni 2007 i Elista, Kalmykia. Kamsky vann den førse tvekampen mot Étienne Bacrot (+3-0=1), men vart slått ut då han tapte den andre tvekampen mot Boris Gelfand +0-2=3.

I november-desember 2007 vann Kamsky Verdscupen i sjakk 2007 i Khanty-Mansijsk. I semifinala møtte han igjen Magnus Carlsen, og etter remis med svart i det første partiet vann han med kvit i det neste, og var klar for finala. I finala over 4 parti mot Alexei Shirov vann han 2,5-1,5 (+1-0=3).[7] Dette gav han også rett til ein tvekamp mot Veselin Topalov i 2009, om retten til å utfordre verdsmeistaren Anand til ein kamp om VM-tittelen seinare i 2009.

Tvekampen Kamsky-Topalov gjekk i Sofia, Bulgaria over 8 parti 16. til 28. februar 2009. Topalov vann kampen den 26. februar etter 7 parti, etter å ha vunne det andre, femte og sjuande partiet - Kamsky vann det fjerde, dei andre tre partia vart remis. Dermed 4,5-2,5 til Topalov.

Kamsky spelte første bord for USA sitt lag som tok bronsemedaljen i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Dresden i november 2008.

Viktige turneringssigrar[endre | endre wikiteksten]

  • Tilburg 1990
  • Buenos Aires 1993
  • Las Palmas 1994
  • Dos Hermanas 1995
  • New York 2006
  • Philadelphia 2006
  • Mashantucket 2007
  • Khanty-Mansijsk 2007 Verdscupen
  • Las Vegas 2008 Open

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. FIDE Rankings 1970-1997
  2. 1990 Interzonal, Mark Weeks sine sjakksider
  3. PCA Candidates Report, The Week in Chess nummer 3 - 1. oktober 1994
  4. Dylan Loeb McClain, A Chess Master Returns Older, and Maybe Wiser New York Times, January 27, 2008 [1].
  5. [2] 106th New York Masters Crosstable
  6. Norsk Sjakkblad nr 1-2006
  7. Norsk Sjakkblad nr 1-2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]