Gaukur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit gaukur

Gaukur (tysk Kuckucksuhr, engelsk cuckoo clock, fransk pendule à coucou eller berre coucou) er ein type veggur som er kjenneteikna av at ei lita dør opnar seg i urkassa ved kvar heile time for å late ein gaukeliknande figur sprette ut og gale eit «koko» for kvar time som uret syner. Etter kvart koko slår ein gongong eit slag, og markerer soleis òg timetalet.

Både verket i klokka og mekanismen som varslar timetalet vert drive av tyngdekrafta ved hjelp av kvart sitt lodd som heng i kvar si kjede og dreg maskineriet rundt ved å falle sakte mot golvet, og som difor må dragast opp att med handemakt med jamne mellomrom. Lodda er ofte utforma som grankonglar. Farten på uret vert regulert av ein pendel med ei skive nedst som kan justerast opp eller ned for å få klokka til å gå rett; skiva er ofte forma som eit lauv. Lyden til gauken er det ein luftbelg med fløyte som syter for. Slike mekanismar har vore i bruk sidan midten av 1700-talet, og har ikkje vore mykje endra fram til vår tid.

Urkassa er av tre og vanlegvis laga som enden av eit lite hus, med urskiva plassert på fasaden i fyrste høgda og døra til husværet for gauken i raustet. Utskorne gaukefiguar og lauv pryder fasaden. Det er òg i somme miljø vanleg med ur som syner til jaktlivet ved å vere pryda med framstillingar av skytevåpen og kronhjorthovud.