Gaula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Avisa Gaula og Gaula i Sør-Trøndelag
Gaula
Elva Gaula i Sogn og Fjordane
Elva Gaula i Sogn og Fjordane
Utspring Tredjevatnet i Førde og Nystølvatnet
Munning Dalsfjorden

Gaula er ei elv i kommunane Balestrand, Førde og Gaular i Sogn og Fjordane fylke. Gaula byrjar som to elvar som går saman til ei. Den nordlege delen byrjar som utløp frå Tredjevatnet i Førde og renn vestover gjennom Grøningsstølsvatnet, Haukedalsvatnet og Lauvavatnet før ho renn ut i Viksdalsvatnet. Den sørlege delen byrjar som utløp frå NystølvatnetGaularfjellet og renn vestover gjennom Myravatnet i Gaular før ho òg renn ut i Viksdalsvatnet. Frå Viksdalsvatnet renn Gaula vestover, mellom anna gjennom Hestadfjorden, før ho renn ut i Dalsfjorden.