Gaular kommune
| Gaular kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1430 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Adm.senter | Sande |
| Areal | 579 km² |
| Folkemengd | 2 839 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Mathias Råheim (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.gaular.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Gaular kommune på Commons | |
Gaular er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke og er ein av kommunane i Sunnfjord.
Innhaldsliste |
Geografisk plassering [endre]
I vest grensar kommunen mot Fjaler og dekkjer indre delar av Dalsfjorden.
Vidare strekkjer kommunen seg austover langs med Gaulavassdraget inn mot Gaularfjellet og Jostedalsbreen. Mot aust grensar kommunen mot Balestrand.
I nord grensar kommunen mot Førde og Askvoll. Førde er den næraste byen for Gaular og flyplassen til Førde (Førde lufthamn, Bringeland) ligg i Gaular.
I sør grensar kommunen mot Høyanger i Sogn.
Busetnad [endre]
Det er tre hovudbygder i kommunen, Bygstad i vest, Sande og Viksdalen i aust. Busetnaden er ganske spreidd og det er få klare skilje mellom bygdene. Kommunesenteret er på Sande der også den største skulen er plassert.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Gaular kommune frå 1920:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 3251a | 3216a | 3234a | 3039a | 2843a | 2604a | 2877a | 2924 | 2857 | 2778 |
- a Talet omfattar ikkje mesteparten av grunnkrinsen Hestad, som var del av Fjaler kommune fram til 1990, då det vart overført til Gaular kommune. Dette området hadde då 90 innbyggjarar.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Sogn og Fjordane | ||
|---|---|---|
| Sogn | Aurland · Balestrand · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Leikanger · Luster · Lærdal · Sogndal · Solund · Vik · Årdal | |
| Sunnfjord | Askvoll · Bremanger · Fjaler · Flora · Førde · Gaular · Jølster · Naustdal | |
| Nordfjord | Bremanger · Eid · Gloppen · Hornindal · Selje · Stryn · Vågsøy | |