Gaupne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gaupne sokn)
Gaupne
stad
Gaupne inst i fjorden
Foto: G.Lantig
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Areal 1,49 km²
Folketal 1 282  (2023)
Folketettleik 860 / km²
Postnummer 6868 GAUPNE
Innbyggjarnamn gopning [1]
Preposisjon i Gaupne
Kart
Gaupne
61°24′29″N 7°17′08″E / 61.408055555556°N 7.2855555555556°E / 61.408055555556; 7.2855555555556
Wikimedia Commons: Gaupne

Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 1 282 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.

Gaupne gamle kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje og skulane Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.

Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[2]

Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
  2. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]