Gaustatoppen
| Gaustatoppen | |
|---|---|
| Høgd over havet | 1883 moh |
| Ligg i/på | Tinn (Telemark) |
| Primærfaktor | 950 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Gaustatoppen, eller Gausta, (1883 moh) ligg i Tinn kommune i Telemark fylke og er det høgaste fjellet i fylket. Fjellet ligg rett sørom Rjukan.
Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over eit område på 50 000 km²[1], om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Til samanlikning kan ein frå Galdhøpiggen (2469 moh) sjå om lag 35 000 km²
Nær toppen ligg Gaustatoppen turisthytte, populært kalla Gaustahytta. Hytta har enkel servering kvar dag i sommarsesongen og nokre helger utover hausten. Toppen vert vitja av 25000 menneske i året. Gaustatoppen er det høgaste fjellet sør for Jotunheimen, med unntak av Hallingskarvet (1933 moh) som ligg på den andre sida av Hardangervidda, Høgeloft (1920 moh) og Ranastonge (1900), begge i Hemsedal.
Ein kjem til toppen ved å køyre frå Rjukan mot Gaustablikk og Gaustablikk Høyfjellshotell. Inne i fjellet går det ein sesongopen bane som frakter folk frå Langefonn ved foten av fjellet og opp til toppen.
Bilde av Gaustatoppen [endre]
-
Gaustatoppen sett like ved Krossobanen
Kjelder [endre]
- «Gaustatoppen» henta frå Bokmålswikipedia 11. august 2005.
- Skildring av Gaustatoppen hjå etojm.com.